FORSKRIFT OM GRAVPLASSVEDTEKTER, FJORD OG STRANDA KOMMUNER, MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).Vedtatt av Storfjorden kyrkjelege fellesråd 06.09.2022, med ny § 15 vedtatt 06.10.2022.Godkjent av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 28.10.2022.

§ 1 FORVALTNING

Gravplassane i Fjord og Stranda kommunar er underlagt Storfjorden kyrkjelege fellesråd administrasjons- og myndigheitsområde.

§ 2. DEFINISJONAR

Gravplassmyndigheit: Storfjorden kyrkjeleg fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i Fjord og Stranda kommunar, jf. gravplasslova med forskrifter.

Fri grav: Grav som gravplassmyndigheita har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.

Festa grav: Grav som det er inngått eller fornya festeavtale for, jf. gravplasslova § 14.

Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.

Ordinær urnegrav: Grav til oskeurne med plass til fire urner, jf. gravplassforskrifta § 14. 

Urnegrav i minnelund: Grav til oskeurne i minnelund med plass til éi urne.

Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner.

Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.

Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for.

Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.

Festar: Den som står som part i ein festeavtale.

Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt.

Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der.

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE 

Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravplassforskrifta § 9 (2). Gravplassmyndigheita kan etter søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE

Avdøde personar i kommunen skal i regelen gravleggjast på den gravplassen dei soknar til.

Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava er tilvist.

Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.

§ 5. FREDINGSTID 

Fredingstid for kistegraver er 20 år for Ødegård og Jogardsbøen gravlund, for Sløgstad, Sunnylven, Geiranger, Liabygda og Stordal gravplassar. Fredingstida er 25 år for kistegraver på Sylte gravplass og 30 år på Norddal gravplass.

Fredingstid for urnegraver er 20 år.

Gravplassmyndigheita kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver.

§ 6. FESTE AV GRAV MED MEIR

Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassmyndigheita; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad.

Ved bruk av ordinær urnegrav, sjå definisjon av "ordinær urnegrav" i § 2 Definisjonar, kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av.

Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år.

Når festetida/fredingstida er ute, kan grava/gravstaden bli festa for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassmyndigheita.

I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen.

Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.

Ingen kan bli gravlagt i festa grav/gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av grav, kan gravplassmyndigheita ta avgjersle om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseendring.

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE

Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassmyndigheita sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassmyndigheita har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. På gravfelt regulert etter nye mål gjeld ikkje denne regelen (gravstorleik 1,5 x 3 meter). Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. 

På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir ståande der for godt.

§ 8. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet.

Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale.

§ 9. PLANTEMATERIALE

Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, bør vere kompostérbare.

§ 10. STELL AV GRAV

Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassmyndigheita.

Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand. 

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd, og den som får løyve til det etter § 13, kan utføre planting og stell av grav, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet. Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.

§ 11. NAMNA MINNELUND

Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke. 

Graver i namna minnelund kan bli festa etter fredingstidas utløp på lik linje med andre graver på gravplassen. Det vil likevel ikkje vere høve til å gravleggje på nytt i grava.

I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Dette gjeld også urnegrav, sjå definisjon av "urnegrav i minnelund" i § 2 Definisjonar. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk.. 

Avgift for bruk av namna minnelund blir betalt frå det tidspunktet grava blir tatt i bruk. 

Gravplassmyndigheita har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassmyndigheita.

§ 12. BÅREROM

Bårerom blir disponert av gravplassmyndigheita, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda.

§ 13. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassmyndigheita. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. 

Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og til planting og stell av graver.

§ 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

§ 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

Gravplassmyndigheita kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravplasslov og gjeldande forskrifter fråvike §§ 4, 7 og 8 i vedtektene.

§ 16. IKRAFTSETJING OG OPPHEVING AV ELDRE VEDTEKTER

Denne forskrift om gravplassvedtekter trer i kraft frå 15.12.2022. Frå same tid blir «vedtekter for kyrkjegardar/gravlundar i Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område av 08.06.2017, Møre og Romsdal fylke», oppheva.

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"