Stranda kyrkje

Stranda kyrkje, eller Sløgstad kyrkje, er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda (også kalla Sløgstad). Kyrkja er frå 1838 (innvigd 30. september) og er bygd i treverk.

Stranda kyrkje

Stranda kyrkje ligg midt i sentrum av bygda Stranda. Alle som lyfter augo mot kyrkjetårnet vil sjå talet 1838. Då vart kyrkja bygd.  Forma er åttekanta langplan. Bygningsmaterialet er solid tømmer, kanskje henta frå dei bratte kyrkjeteigane på andre sida av fjorden. Også nabokyrkjene i Ørskog, Norddal og Stordal var tidlegare bygde i same stilen, men strandakyrkja er konstruert slik at ein greidde seg utan dei vanlege fire tresøylene for å halde oppe tak og tårn. 

Når ein kjem inn i kyrkja, blir ein møtt av utsmykking og inventar frå fleire ulike tider. Nokre må vere eldre enn sjølve bygninga. Kva er samanhengen?

Vi går tilbake til 1723 då kongen av Danmark-Noreg, i stor pengeknipe, selde kyrkjer og kyrkjegods over heile landet til lokale bønder. Slik var dei lokale bøndene eigarar av eit gammalt kyrkjebygg i dårleg stand. Dei tok pliktene alvorleg, meir enn kongen hadde gjort, og etter 7-8 år var tilstanden mykje betre.

Så slo ulykka til. 8.januar 1731 losna ein fjellhammar på andre sida av fjorden. Ei flodbølgje slo inn over strendene og den nyreparerte kyrkja vart slegen til pinneved. I ein rapport frå eit skyn tre månader seinare er skadane skildra. Preikestolen (frå 1648)er ikkje å finne, skriv dei. Kan han ha fått seg ein tur på fjorden, som segna seier? No i 2021 kan han i alle høve studerast her i kyrkja og fantasien kan spele fritt. 

Ny kyrkje blei bygd om lag 150 meter lenger oppe.  Etter vel 100 år hadde folk fått Skafjell-ulykka på avstand. Dei ville byggje ny, større kyrkje på den gamle kyrkjetufta. Slik fekk vi vår noverande kyrkje.

I tillegg til preikestolen er altartavla vår største eignalut. Altarskåpet er truleg frå rundt 1500. Toppstykket har kongemonogrammet til Christian 4. ( 1588 – 1648 ). I 1777 kostar Ebbe Carsten Tønder, den første soknepresten på Stranda, renovering av altarskåpet.  I rapporten frå 1731 er ikkje altartavla nemnd i det heile. Kanskje har ho vore i ei anna kyrkje ? 

Gøymt under altarduken finn vi ein annan eignalut med ei omskiftande soge.  Innfeldt i ei treramme ligg ei bordplate i marmor. Litt til høgre frå midten er det ei lita grop dekt av ein tapp. Vi trur at dette er frå ei tidlegare kyrkje frå katolsk tid, kanskje frå St. Pæder-kyrkja på Opsvik.  Kan det vere eit relikviegøyme eller ein plass å oppbevare innvigde oblatar?

Hans Strøm fortel i «Søndmørs Beskrivelse» frå 1762 om eit besøk hos den nytilsette soknepresten, Ebbe C. Tønder, i hans nye prestegard på Sløgstad. Han skildrar også den dåverande kyrkja og nemner spesielt marmorplata som då blir brukt til skammel for presten framfor altaret. Seinare veit vi at plata enda som trappehelle ute og slik var det heilt fram til 1929 då plata vart sendt til nedsliping og montert i altarbordet. 

Det er fint å ha histora med seg også for oss. For om lag 15 år sidan har eit kull konfirmantar skrive namna sine på eit ark og putta det godt ned i holet. Slik fann vi det att då vi skulle ta bilete av gøymestaden. No er helsinga frå desse ungdomane tilbake på plass, løynt under altarduken.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"