Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Misjon

Vår kyrkjelyd har i samarbeid med NMS misjonsavtale i Midtausten.

Å gjera Guds kjærleik synleg på TV
Bilbatteriet til beduinen Habib står i teltet, og der blir det ståande. Det held nemleg liv i eit TV-apparat som tar inn signal frå den kristne kanalen SAT-7, og den har forandra livet til Habib. Han har møtt Jesus gjennom programma, fått ein bibel frå SAT-7, og han har lært å be. No samlar fleire familiar seg i teltet til Habib. Heimen hans har blitt kyrkje.

Med fem kanalar på tre språk er SAT -7 til stades i mylderet av kanaltilbod i Midtausten. Via drama, aktualitetsprogram, song og musikk, live show der du kan ringa inn på direkten, undervisning og forkynning, er SAT -7 ei kristen stemme. Ein veit heilt sikkert at minst 25 millionar ser på programma, og responsen via telefon og sosiale media kjem frå heile regionen.


Å gjera Bibelen tilgjengeleg for små og store
Bibelselskapet i Egypt har 17 bokhandlar spreidde ut over landet. I tillegg til dei som arbeider i butikkane, er det ein stor stab som tar seg av sal og levering direkte til kyrkjelydar, skular og privatpersonar. NMS støttar butikken i Gomhoriyya i gamle Kairo slik at varene kan seljast til ein overkomeleg pris. Det er nemleg forbode å dela ut bøker og hefte gratis.


Å gi kvinner tru på seg sjølv
Kvinner blir behandla som annanrangs borgarar. Trakassering og overgrep er daglegdags. Behovet for å lækja sår og byggja sjølvbilde og identitet er stort. Gjennom medieorganisasjonen Middle East Media og Anafora retreat- og kurssenter når vi mange både direkte og på sosiale medier.

Fakta om midtausten
Strekkjer seg frå Marokko til Afghanistan, frå Tyrkia til Sør-Sudan, og har 500 millionar innbyggjarar. To tredjedelar er arabisktalande, og regionen er gjennomgåande muslimsk. Krig og politisk uro herjar i fleire av landa. Kristne blir forfølgde, og mange reiser frå regionen.


Kva gjer NMS her?
Saman med fleire partnarar kjempar NMS for menneskerettane. Kvinner er ei særleg utsett gruppe, og det er viktig å styrka sjølvbildet og identiteten deira. Vi er med å dela evangeliet både via satellitt, internett og biblar i ein region som delvis er stengt for kristen misjon.

NMS er ein frivillig organisasjon forankra i Den norske kyrkja. Saman med NMS kjempar vi mot urett, utryddar vi fattigdom og deler vi trua på Jesus.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"