Dåpstale i dåpsgudsteneste21. mai 2023

av Sokneprest Margit Lovise Holte

Dåpstale i dåpsgudsteneste21. mai 2023

Ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. Ver gjestfrie mot kvarandre utan å klaga.
Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen.

1 Pet 4,7-11

Denne teksta er skriven som oppmuntring til eit felleskap for mest 200 år sidan og fortolking av kva det vil seie å leve og veksa i den kristne trua. Den kunne like godt vore skriven til oss i dag.

De som bær barn til dåpen i dag – bær ei stor glede.

De har opplevd ei av livets vakraste under at de har fått eit lite barn som kjem til dokke, som liknar på dokke, og som er heilt seg sjølv. No bær de barnet i armane, men fortare enn de veit vil de leie det i armen og det vil sjølv gå. Om nokre år er dåpskjolen utvaksen, og den kvite kappa som konfirmanten bær vitnar om at no er ho eller han stor nok til å sjølv velge kva som skal bære gjennom livet. Og brått ein dag sit de i passasjersetet og held dykk fast sidan barnet dykkar skal lærekjøre- for no er dei på veg ut og skal snart styre si eiga livsskute. «Slippin` trough my fingers all the time» som songen i Mamma mia seier det. Slik er det viseleg laga, slekt skal følge slekters gang som det heiter i «Deilig er jorden».

Men alltid vil dette barnet trenge din kjærleik. Det vil trenge ditt gode blikk og di hand å gripe etter og støtte seg til. Ingen av oss lever heilt for seg sjølv, vi treng å høyre til, vi treng noko som bær og vi treng at nokon tek imot oss. Slik lærer vi å ta imot andre, løfte andre menneske opp, være til hjelp og få bety noko. Vi treng alle å ta imot andre – og vi treng å bli tatt imot.

I dåpen tek Gud imot oss, omfavnar vårt liv med inderleg kjærleik. Gud gir oss til eit fellesskap som skal bære gjennom livet – der vi skal møte kvarande gjestfritt, tene kvarandre med vår ulikskap, dele dei orda som gir vekst i liv og tru. Så vil Gud vil gi oss styrke til å stå i det livet som er vårt. For ei glede at det er godheit, gjestfriheit og kjærleik som skal omkranse våre liv. Det er lett å sjå seg blind på det motsette når vi kikar inn i verdas nyheitsbilde eller telefonen vår.

Godheit, gjestfriheit og kjærleik er det Gud møter oss med og kallar vårt liv til. Difor bær vi born til dåpen – slik at dei kan få den heilage Ande – den gnisten av glede, liv og kjærleik som aldr tek slutt eller brenn ut.

Og la dette også vere ei påminning for oss som er døpt. At denne gjestfriheta møter Gud også med, med nåde slik at vi kan glede oss over livet, vise kjærleik, gjestfrihet, anerkjenne våre ulikskapar og få styrke til dei oppgåvene vi skal stå i.

La oss no synge dåpssalmen ilag: « Her e det et lite barn som kommer» nr 593

 Her e det et lite barn som kommer
Ny i dette landet myk og varm
Ennu har det ikkje sett en sommer
Ennu kan det bæres på ei arm
Ennu e det ny for sol og måne
Ennu kan det trøstes av en sang
Ennu ny for mysterium og under
Lite barn i kirken første gang

Nu e alle lysan tent her inne
Sånn at ikkje mørket kommer til
Måtte alltid gode land få skinne
Sånn at ingen barn kan gå seg vill
Lyse som fortellinge om nåde
Lyse som for barmhjertighet og håp
Lyser for et lite barn som kommer
I en kirke i en hellig dåp

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"