Preike julaftan 2017 i Ulstein kyrkje

Les preike av sokneprest Margit Lovise Holte; 24. desember 2017 kl 16:00

Preike julaftan 2017 i Ulstein kyrkje

Solosong før preika: «All is well» av Rak Marie Hatløy Sætre

Det heilage juleevangeliet står skrive hjå Lukas i det 2. kaptilet:

1 I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
    4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt 5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. 6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7 og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
    8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
          
    14 «Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske Gud har glede i!»


15 Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20 Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Slik lyder Guds ord.

Det er julekveld. No er vi her, samla om desse kjende og kjære orda. Desse orda- dei evige orda, som skaper høgtid og som er kjerna i julefeiringa. Orda som signar vårt strev og vår møde fram mot denne kvelden. No skal freden senke seg, - vi vonar vi vil finne jula si glede ein stad i hjartet. Vi vonar vi vil finne ein heim i kveld,- finne lys, håp og varme i denne stille og heilage natta.

Lengt etter heim.

Mange har kome heim til jul. Mange reiser i denne tida for å kome heim, for å kome fram til kjensla av å høyre til. Mange kjenner på lengt og forventing om at det skal vere slik som før. Slik som i jolevise for dei av oss som har sett «Jul i svingen» har høyrt i år:

«Eg vil heim til jol
Eg vil heim før klokka kimer og det er tid
Då vil eg ver heime
Høyre songar kjenne lukter slik som dei er
Når alle ting dei ventar
På det som kjem og hentar
Oss opp i joletid.»

Eg vonar kjensler av harmoni og glede vil omfavne deg i kveld, og sjølv om ikkje alt er som før. Kanskje du kjem til å sakne nokon eller noko, eller ei lengt stig fram – så er der likevel noko som tek oss opp i joletida. Noko vi erfarer, men kanskje ikkje kan sette ord på – noko som rører oss som ein englevinge – og let oss kjenne at vi høyrer til, at alt er vel. Eg håper du kjenner deg heime her, i kyrkja som er ein heim for oss alle.

Så veit vi at i kveld fødes mange barn i verda. Nokon kjem til ein trygg heim, nokon bærast til dåpen i kyrkjeheimar. Og vi veit at mange born fødast til heimar som ikkje er trygge. I natt fødast born i fattigdom på jordgolv, slik Jesus vart fødd. I natt er born på flukt, slik Jesus sjølv vart flykning dagar etter han vart fødd. Sjølv om vi stoppar opp og held jul, så snurrar jorda rundt og alt er som før. Harmonien i våre forventingar og ønske om ro, vert møtt av den realiteten eller disharmonien som er i denne vakre verda vår.

I førebuinga til jula i år kom eg over eit sterkt dikt som fortel godt om dette. Diktet er av Marit Kaldhol og ho gjev stemme til mødre som føder born opp igjennom historie, - ho bind vår verd til barnet i krubba i diktet sju søner:

Sju søner av Marit Kaldhol

Sju søner har eg født
Den første sparka i magen min
Eg lova Gud og sa Isais rotskot skal kome
Og løfte dei låge
Guten vaks til og gjekk inn i Jerusalem
Der spikra dei han på ein kross og spytta på han
To røvarar blei avretta saman med han, ein på kvar side
Eg høyrer orda hans: min Gud, min Gud

Den andre sparka i magen min
Eg lova gud og sa; eg er velsigna
Guten vaks opp og køyrde inn i Kabul
Kledd i ein vest tung av sprengladningar
Sytten personar følgde han i døden den dagen
Eg høyrer hans rop Alla akbar

Den tredje sparka i magen min
Eg lova Gud og sa; eg har fått nåde
Guten vaks opp og blei skoten av soldatar
medan han braut nattverdbrødet
i eit kapell i San Salvador
eg høyrer orda hans; dette er Kristi kropp

Den fjerde sparka i magen min
eg lova Gud og sa; vi som er sterke
skal bere veikskapen til dei svake
guten vaks opp og blei geriljasoldat i Rwanda
han drap og blei drepen ilag med 800000 andre
eg høyrer skriket hans; svart av blod

Den femte sparka i magen min
eg lova Gud og sa;  Gud gløymer ikkje tenestekvinna si
guten vaks opp, flaug inn over Vietnam og sleppte napalm
mot menneskehud, brennande barn sprang omkring
millionar døydde
eg høyrer stilla i cocpiten etterpå: mission completed

Den sjette sparka i magen min
eg lova Gud og sa; frå slekt til slekt varer hans miskunn
guten vaks opp og sprengde ei bombe i Oslo
skaut med rifle på Utøya
syttisju personar mista livet den dagen
eg høyrer ropet hans: de skal døy, kulturmarksistar

Den sjuande sparka i magen min
eg lova Gud og sa: ingenting er umogleg
for krafta frå Den høgste
guten er enno eit barn på fanget mitt, han leikar
med ein glødetråd i håret mitt
han gir meg nytt livsmot
han skal mette dei fattige og dei tørste skal han gi vatn
eg høyrer orda dine, Gud; ver ikkje redd!

Sju menneskesøner har eg født
Bødlar, offer, drøymarar, sju gonger sytti gonger sju
Eg lovar Gud og seier; du ser meg, Gud
Eg sit her i dette bildet med barnet i fanget
Eg har sete for lenge
No reiser eg meg; går ut av bildet og inn i verda
Der barna mine er, der du er.

Diktet taler sant om juleevangeliet og om verda slik den er. Den bind eit sant band mellom harmonien ved det nyfødde barnet – og disharmonien i menneskelivet og verda si brutalitet. Talet 7 er talet for han jødane ventar på; Messias. Slik dei 7 arma lysestaker her i kyrkja minner oss om. 70 gonger 7 er tal Bibelen lærer oss for kor mange gonger vi skal tilgje vår neste.

Diktet viser oss noko sant ved den kristne trua; Trua vår er ikkje noko lita boble eller eit happyplace som ikkje tåler dagens lys eller verdas brutalitet. Gud tåler det – fordi Gud vart menneske. Og vi tåler det – fordi Jesus via si framtid til vår.

«Frykt ikkje. Fred på jord. Ein frelsar er fødd. Menneske som Gud har glede i.»

Alt mørket på jorda kunne ikkje, og kan ikkje overvinne håpet, fridomen og lyset Jesus kom med. Difor er alt er vel.

Å tru er ikkje å verte verande i eit glansbilete – men det er å la kjærleiken i stallen fylle oss med mot; Våge være i nærværet og gleda  over det vesle barnet, la det fylle kvar pore av livet med lys, kraft og kjærleik. Og så våge å stige ut av harmonien for å kjempe for det som er rett; At Gud er glad i alle menneske –  kjempe for fred på jord…og vise at også i vårt liv er Gud teke bustad. Frelsaren er fødd i våre hjarte og fødd i vår verd. Verda er Guds verd, difor vil håpet alltid ha siste ordet.

Og kanskje orda frå diktet kan bli våre:

«Eg lovar Gud og seier; du ser meg, Gud
Eg sit her i dette bildet med barnet i fanget
Eg har sete for lenge
No reiser eg meg; går ut av bildet og inn i verda
Der barna mine er, der du er.»

Lyset skin i mørket, og mørkre har ikkje overvunne det. (Joh 1)

Lyset du treng finst. ( Hegle Torvund)

Salme etter preika Nos 43: Stille natt, heilage natt.

FORBØN

I lys av juleevangeliet
lat oss be Gud om ei GOD JUL:
At dei mektige nasjonane
ikkje utnyttar fattige eller jagar dei bort.

At inga ugift mor
opplever å bli vist bort i vanære.

At inga dør vert late att
for dei som trenger å finne den opa.

At gjetarar og sauer,
regnskog, luft og vatn ikkje trenger å frykte.

At vegsperringar, murar og sinte soldatar
ikkje blir sett i Betlehem

At vise menn og vise kvinner
vil dukke opp i Syria, Midtausten og Myanmar.

At born blir haldne borte frå
misbruk og mishandling.

At alle som fryktar for morgondagen
må finne, håp, mot og kjærleik.

At tilbedinga denne jula må skje
i krybbe i vårt hjartet og denne kyrkja må bli ein stall.

Og at ryktet blir verkeleg;
at Kristus har kome til oss, og mellom oss
som sann Gud og sant menneske.

Dette ber vi i Jesu namn.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"