Preike juledag 2023

Av sokneprest Margit Lovise Holte

Illustrasjon Gerd Altmann på Pixabay

Eg vil starte denne juledagspreika med å lese eit utdrag frå «det Andre namnet» i Septologien som er skrive av nobelprisvinnar Jon Fosse.

«ja det einaste som gjer jula leveleg er å tenkja på at ein ung mann og ei ung jente er kjærastar, ja, ja litt som Ales og eg ein gong var, ja berre det at vi aldri fekk barn, det ville seg ikkje slik, nei eg må ikkje tenkja på Ales, tenkjer eg, det gjer for vondt, eg vil heller tenkja på at ei ung kvinne er med barn og sjølv om ho skal ha barn med ein annan mann så vil ein ung mann vera kjærast med henne, dei to er åleine i verda, og han, den unge mannen, tenkjer at han er så glad i den unge kvinna at sjølv om han ikkje er far til barnet ho ber på så må han hjelpa henne, dei må finna ein stad der ho kan føda, tenkjer den unge mannen og så går dei av garde dei to, den unge mannen og den unge kvinna, for å finna ein stad og nokon som kan hjelpa til,

så legg den unge jenta seg ned i turrhøyet og der føder ho eit barn og ho seier at ein engel sa til henne at ho skulle føda ein gut, så det er nok eit gutebarn ho har født, seier ho og ho seier at engelen sa at ho ikkje skulle vera redd, for Gud var med henne og den unge mannen ser at det kjem som eit lys frå barnet, eit uskjøneleg vakkert lys, og så tek den unge kvinna fram det eine brystet sitt og så gjev ho barnet

nei dette er ikkje til å skjøna, tenkjer den unge mannen og han står der og ser på strålen av lys, han fylgjer strima av sterkt klårt lys med augo frå stjerna og nedover himmelen og så til ho går rett inn i løa, nei dette er ikkje til å skjøna, tenkjer han og no må han snart gå inn att og hjelpa den unge kvinna, tenkjer han og så lydest steg og så ser han tre underlege menn, tre menn han aldri før har sett,

og då dei ser den unge mannen seier dei at dei kvar natt sit og ser på stjernene og prøver å tyda kva meining stjernene kan ha, og i natt då såg dei noko dei aldri før hadde sett, og noko dei aldri kom til å sjå om att, dei såg ei stjerne byrja å lysa så mykje sterkare og klårare enn dei andre og så såg dei ei strime av lys koma frå stjerna, og det var som eit uskjøneleg lys, det var vakkert og varmt og det var til å sjå på og til å forsvinna inn i, seier dei, og strima av lys peikte mot ein stad, og då visste dei, sa dei, at det lyset tydde at Gud no hadde sendt Menneskesonen til jord, det var dei sikre på, no hadde det skjedd, og så fylgde dei berre lyset frå stjerna og gjekk av garde og så kom dei som på unders vis til

staden stjerna lyste imot, og no står dei der, utanfor løa, og lyset frå stjerna det lyser beint inn i løa, seier dei og no vil dei gje gåver til barnet som nyst er født, seier dei og eg tenkjer at det er dette lyset, ja nettopp dette lyset, ja det er dette lyset eg tenkjer på for å halda julaftan ut»

Slik skriv Jon Fosse om Jesusbarnet som kom med Lyset..

Guds lys – kom til verda - til heilt vanlege folk.

Den viktigaste merker i verdshistoria som vår tidsrekning krinsar om: Gud bli menneske ved Kristi fødsel.

Kyrkja har alltid freista samanhalde det trefaldig perspektivt ved Jesus fødsel som også dagens tekster har trekt opp:
- Jesus var fødd av Faderen før alle tider, før alt vart til
- Jesus var fødd som Guds son i tida av Maria ved den heilage Ande
- Jesus vert fødd i menneskehjarta ved den heilage Ande.

Difor vankar våre hjarter stadig til Jesu føderom. Sjølv også i år når Bethlehem er som eit sår i vår felles historie

Denne natta fornemmer vi storheita ved det å vere menneske – for det er menneske Gud vil bli. Denne natt ser Gud og menneske på kvarandre i det nyfødde barnet – og gjenkjenner kvarandre. Julenatt blir Jesus alt det vi er – for at vi skal bli alt det han er.

Det er ei djup meining i at vår menneskelege natur får verte gjennomstråla og forvandla av lyset.

« Å lysbringande natt, lysare enn nokon dag» sa ein ukjent predikant i ei julepreike i Betlehem på 300 talet.

Sidan den tida feira ein Jesu fødsel i Betlehem ei heil veke - ein oktav.

Åtte kantar slik som forma på kyrkja vår er åttekanta som den fullkomne forma som består av sju dagar og oppstodedagen. Sjuarma lysestake for dei 7 profetiane – og det sanne lys – det åttande lys som kjem for å opne tida.

Å opne tida i Betlehem.

Det er ein bøn som stig opp frå ruinar

Eit skrik av smerte, ikkje berre i fødselsveer- men eit skrik i fortviling over død, krig og urett.

Betlehem, der Fredsfyrsten og Lyset i verda vart fødd. Det er store kontrastar til dagens situasjon i Midtausten. Vi er mange som hungrar og tørstar etter fred og rettferd i Midausten, Ukraina og aller verdas konflikter.

Bethlehem betyr brødhus.

Og slik som Paulus seier det - får dette eit djupare meining når Jesus seier:

«Eg er livets brød.»

Mennesket sin svolt får ei djupare meining når vi omtaler Jesus som livets brød.

For mette på julemat kan vår sjel kjenne på hunger og uro. Som ein svolt som ikkje let seg mette av noko anna enn Ordet som vart menneske.

Det som vi ber for og deler ut i nattverden.

Som ved den heilag Ande verkar til at Kristus fødast på nytt i våre liv og kroppar.

For hjerter som vanker til Jesu føderom, vil sjå at det skinn framleis av juleevangeliet i år 2023. Barnet og lyset trekk oss mot seg, som lyset ikkje noko mørke kan overvinne. Lyset frå barnet i krybba – det gjenskinnet kjem til oss i alt som er godt.

Faktisk er jula ei stor anerkjenning av all menneskeleg skjørheit. For det er hit Gud stig ned midt mellom oss hos eit fattig, ugift par der ikkje var plass til, som fødde på eit jordgulv, i eit okkupert land, og som måtte la Guds son leve sine første år som flyktning i Egypt.

Midt i all menneskeleg utlevertheit blir håpet, lyset og Fredsfyrsten født.

Dette håpet er gitt oss idag – det skal vi feire, lene oss mot og kjempe for!

Det er gitt alle menneske i verda og lyser gjennom alle tider og alle slekter.

Julenatt møtte Guds ansikt våre ansikt og kjente seg igjen. Med stor glede!!

Og det nærværet er her enno. Også i dagens Betlehem. Med stor glede!

Midt iblant oss. Alltid. Med stor glede!

« Ære være Gud i det høgste
Og fred på jorda
Blant menneske som Gud har glede i!»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"