Preike pinsedag 28. mai 2023

av sokneprest Margit Lovise Holte

Preike pinsedag 28. mai 2023

Lesetekstar:

1 Mos 2,4b-9 4 Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen. 5 Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne. 6 Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata. 7 Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.
8 Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.
   

Apg 2,1-11: 1 Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. 2 Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. 3 Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
    5 I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål? 9 Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, 11 jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

Preiketekst frå Johannes 20

19 Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» 20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren. 21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.» 22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.» 

 

Når vi møter disiplane til Jesu gjennom evangeliet idag, har dei barrikadert seg bak stengte dørene. Dei er veldig redde. Jesus har blitt tatt livet av på grusom måte, og dei fryktar at dette kan skje dei også. Så går Jesus gjennom stengte dører, står midt iblant dei og helsar dei med fred. Han pustar på dei- og minner dei om at livet har nye startstrekar. At det finst tilgjeving, nåde, ny frisk luft.

Disiplane pustar jo akkurat som oss, dei har livspust som går utan å tenke så mykje på den, men når Jesus pustar på dei – får dei pinsedagspusten- den heilage Ande. Jesus kjem no nær dei som pusten, og ein anna stad seier han kvifor- eg etterlet dykk ikkje som foreldrelause born, eg vil gje dykk fred, min fred som overgår all forstand.( Joh 14, 18: og Joh 14:27)

Det er så vakkert dette at når dei kjenner seg forlatt, einsame og fryktfulle, kjem Jesu og opnar, ja forandrar det avstengte livet slik at det kan strekke seg mot forventing og fred. Slik viser Jesus kva den heilage Ande gjer –  opnar det som er stengt, vender oss om slik at vi ser kvarandre og gir fred som overgår all forstand.

I forkant av pinsa fekk eg eit godt spørsmål, som også ligg og dirrar i tekstene som er gitt oss å lese denne søndagen:

Kva tid kjem den heilage Ande?

For den observante lyttar til tekstene så opnar det seg fleire moglegheiter. Lukas fortel om at Anden kom pinsedag 50 dagar etter påske som ei oppfylling av påska sin bodskap. Han skriv om eldtunger på disiplane sitt hovud og kunnskap om ulike språk som gjorde at folk kunne forstå fortellinga om Jesus uansett kvar dei kom frå. Johannes som har skrive vår tekst seier at Jesus pusta på disiplane allereie i påska – slik at når han gjekk ut av tida – så var disiplane aldri åleine men hadde heilaganden som talsmann, trøystar og kraft. Johannes held saman påske og pinse, medan Lukas skil dei med 50 dagars mellomrom som den jødiske sjabout – der ein feira Moses og pakta. Den heilage Ande er oppfyllinga av den nye pakta – der utgytinga av den heilage Ande fullføre Kristi verk.

Den fyrste teksta vi las, fortel at Guds Ande svevde over vatnet i den eine skapingsfortellinga sviv som den fyrste rørsle før alt var blitt til, og som livspust som vert blese inn i eit jordskapt menneske.  Å tidfeste Anden, er altså ikkje heilt mogleg, ho flyt i det bibelske vitnemålet som kraft, skaping og liv gjennom alle tider.

Sidan det å tidfeste den heilage Ande er vanskeleg i bibelens vitnemål, er det kanskje ikkje så underleg at det kanskje også kan verke slik i våre liv.

Teologen Allister McGrath kallar den heilage Ande for treeinigheita sin Askepott. Vi kjenner eventyret om dei to søstrene som gjekk på ball, medan Askepott måtte vere heime og vaske. Men sjølv om ho er den som kjem sist, - fyller ho ballet med kraft, skjønnheit og godheit som får hjarter til å smelte. 

Treeiingheit sine søstre har vore på ball lenge, for Gud og Jesus skal det godt gjerast å ikkje sjå for seg kven dei er, og dei er jo slett ikkje slemme som i eventyret. Men poenget med bildet er å la Anden få skinne litt på pinsedag. For trinitetens Askepott har ofte i kristen forkynning fått ei litt stemoderleg behandlig.. kan det vere ho framleis skrubbar gulv i våre liv... eller er ho komen på ball, eller leiter vi som prinsen etter hennar vakre nærvær? Eg fann dette bildet både befriande og innsiktsfullt.

I vår tradisjon er dåpen haldepunktet for tida når vi får den heilage Ande. 

Dette enkle i handlinga med Ord og tre auser vatn, hand som rører hovudet med bøn-  slik eg akkurat sa til dei to borna som vart døypt: «Den allmektige Gud har no gjort deg til sitt barn, gjeve deg sin heilage Ande og teke deg inn i si kyrkje. Gud styrke deg med sin nåde til det evige liv. Fred være med deg» Så nært av vi kjenner lukt, pust og kropp. Så nært som eit ammande menneskebarn er si mor, - så nært, enkelt og tillitsfullt er Guds Andes kjærleik tilstade i livet. Ved døypefonten vitnar vi ilag at vi og vår barn skal få vekse og leve i denne krafta som vernar om flammen av tru, håp og kjærleik i våre liv. Vi kan lene oss mot fellesskapet som bær heile Guds fylde, lære dei å ta vare på si sjel og kjenne krafta som er gitt til fellesskapet som skaper fred, forankring og forandring. Den heilage Ande leier oss fram, dag etter dag, som hjelpar, trøystar og ven, og faldar livet og nådegåvene våre ut til kjærleik og teneste. Dåpen merkar oss: slik Paulus seier det i 2 Korinterbrev: For Gud har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.

Men kanskje tenker mange som meg at det er tryggast å bli heime å skrubbe litt meir på gulvet som Askepott. Dei andre, dei åndsfylte som har greiene sine i orden, som kan kalle seg kristne med ord på trua si, dei åndeleg sjølvsikre – det er jo dei som har rett til å gå på ball. Men saken er at invitasjonen inkluderer eit mangfald. For også Askepott er invitert, ønska og får plass. Ho trengs å kallast ut, bli inkludert. Så når tvilen spør kven du er til å kalle med kristen, så vit at har fått den heilage Ande i din dåp, som er panten på livet som er gitt deg. Vi treng ikkje skrubbe og perfeksjonere livet, men er kalla ut til fridom av han som går gjennom stengte dører. For han viser oss sine sår, kan vi tør vise han våre sår- slik at vi kan puste fritt i fred i den kjærleiken kan drive frykta bort. Nærmare enn pusten er vår ånd smelta saman med Guds ånd. Kvart andedrett minner og forankrar oss i livets gåve.

I vår tradisjon er ofte den heilage Ande symbolisert med ei due. Her i kyrkja ser de den i det trekanta feltet øverst på altertavla. I den keltiske tradisjonen er den ei vill-gås. C.S Lewis sine bøker om Narnia bruker løva Aslan som allegori for Kristus. Den er aldri heilt tam. Gud er alltid større. Let seg ikkje kontroller eller manipulere. Pinsedag minner oss om dette perspektivet at Anden som er fred, er aldri heilt tam. Den er som den varme virvelvind, eit utrustande mot til teneste, ei kraft som fyller liv, ei som dansar på bordet, eller som stille kjem med fred. Og sjølv om vi slettes ikkje merkar eller føler nokonting, gjer Anden sitt verk i oss her. Gudstenesta er ein stad der Anden forandrar oss, verkar på vår ånd og vår sjel. Andens frukt er: kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik og truskap.( Gal 5) 

I møte med kristen forkynning kan ein kome i skade for å formidle Anden slik at det er ideal, goder eller verdiar som bur på ei anna adresse enn vår. Anden er på ein anna stad, i andre kyrkjesamfunn eller fellesskap med meir vind i segla, fleire brennande sjeler og dedikerter frivillige. Pave Frans har ein godt innsteg i si pinsepreike ifjor når hans seier at dette er freistingar som gjer at vi unnlet å oppsøke fellesskap. For Heilagande er konkret og ingen idealist. Den leier oss ikkje til ei fantasi-verd, men alltid til det konkrete. Det som er her og no. Det er ei freisting å la oss lede andre stader, eller henge fast i fortida, i nostalgi eller bitterheit over det som livet ikkje har gitt oss. Dette vil kaste oss hodestups inn i framtida, nærer vår angst, og gjer at vi skaper oss illusjonar og falske forhåpningar. Men den heilage Ande får oss til å elske her og no, heilt konkret. Ikkje ei ideell verd, ei ideell kyrkje eller ein ideell religiøs fellesskap. Men faktisk det som fins, i fullt lys, her og no, i all sin enkelheit og gjennomsiktigheit.

 

Andens tid er her og no.

Eit nærvær som går gjennom dørene vi har stengt av frykt. Anden er midt i våre liv, puster livspust i oss, gir oss fred, tilgjev og gjev oss nye startstrekar. Det er her her og no, at dei nye livsmoglegheitene vert opna.

 

Solo etter preika: 

CREDO

Å tro er ikke visshet, men å lene
sitt hjertes savn og lykke
mot en større favn enn vår
og trøstes med at det vi ser omkring oss
er for vakkert til å leve bare disse korte år
Og siden dø fra tid og navn
Vi tror at alt er i Guds havn

Å tro er ikke påstand, men å våge
Å se at det bor smerte
bak en fiendes stengte blikk
Å leve slik at noen her på jorda
kan bli møtt som elsket venn
på tvers av frykt og ulik skikk
Å gi vår søster Kristi navn
Vi tror at alt er i Guds favn

Å tro er ikke tanker, men å elske
Å være del av noe som er større enn oss selv
Å se at om vi hører til en kirke
er Guds verden større
enn vårt hode rommer nå i kveld
Gud gir hvert ansikt liv og navn
Vi tror at alt er i Guds favn.

Tekst: Erik Hillestad

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"