Preike domssøndag / kongesøndag 26.11.2017

Les preike av Leidulv Grimstad, sokneprest i Hareid

Preike domssøndag / kongesøndag 26.11.2017

Tekst Matteus 25, 31- 46

31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.
    34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ 37 Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’ 40 Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’ 44 Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’ 45 Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ 46 Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

…………………..

Denne søndagen vert frå gamalt av kalla «Domssøndagen», og den teksten vi har lest er vel ei av dei klaraste domstekster vi har i det nye testamentet. Og det er ei alvorlig tekst og eit alvorlig tema. Det handlar om korleis vi skal stå til ansvar for Gud ein dag og det handlar om kva vi skal stå til ansvar for.

Nå treng vi ikkje å gå mykje rundt i det kyrkjelege landskap før vi møter formaningar om dette i form av regler og moral som vert presentert for oss.  Mangt av dette er vi omtrent vakst opp med, og mykje av det er både sunt og rett, noko av det er tidsbestemt og noko er kanskje litt underleg for oss. Det kjem an på kvar vi er i livløpet. Og eg tek ikkje dette opp til vurdering verken om det er viktige eller uviktige, og kva som er det. Det er opp til den enkelte i sitt liv og i sitt gudsforhold.

Skal eg vere min brors vaktar?  Spørsmålet har til alle  tider hengt i lufta.

Men ein ting har slått meg:

For mange av disse lover og reglene har ein ting felles: Dei fokuserer ikkje på dei orda som kjem fram i dagens evangelietekst.  

For her seier Jesus sjølv kva vi blir dømt etter, og Han har eitt einaste fokus:  Kva betyr det for min neste at eg trur på Jesus og har han som Herre i mitt liv?

For det er her den store utfordringa ligg. Og den utfordringa ga Jesus til sine etterfølgjarar, og den utfordringa var det farisearane og dei skriftlærde likte så dårlig. Jesus utfordra sine etterfølgjerar til ei djupare forandring i livet enn å leve etter enkelte bod og regler for godt etisk, kristeleg levesett.

Han utfordra på det han i Bergpreika kalle å vere meir rettferdige enn dei skriftlærde. Han utfordra på ei ekte endring i sinnelaget og lovde at dei som følgde han skulle vekse i kjærleiken til sin neste.

Og denne utfordringa gir han oss i denne teksten, denne dommen. Han spør ikkje om forholdet til dei store etiske spørsmåla av vår tid, eller den tida han levde i. Han spør etter kva vår tru har resultert i overfor våre medmenneske.

Det er min ærbødige påstand at det er enklare å leve etter eit normsett, enn å leve etter dette. For det Jesus ber oss om er å elske, og å vise det i handling.

Og han går så langt som til å seie at «det de har gjort mot ein av mine minste, det har de også gjort mot meg.»

Det er på ein måte ein skræmande tanke for meg: Har eg vore der for min neste? Har eg sett på henne eller han med kjærleik? Har eg konkret med mine evner og middel gjort livet til andre betre? Har eg sett Jesus i den svoltne, den frosne, tiggaren, den einsame osv.?

Ikkje nok, sikkert ikkje nok. Men det er eit kristent livsprosjekt å prøve. Det er den oppgåva og den utfordringa Jesus gir oss i denne teksten. Og eg håper at livet med Jesus vil fylle meg med den kjærleiken og nærleiken til han som gjer at eg veks og kjem nærmare det idealet han ber oss om å streve etter. Og eg trur at hemmelegheita for å få dette til ikkje er å begynne med å gjere noko for Gud, men å vere i Gud. For det er i Han at alt dette er mulig.

Etter kvart som eg er blitt eldre har eg opplevd noko forunderleg. Det er ikkje i den storslåtte «ute-av- kroppen- opplevinga» eg har sett Gud klarast. Det er i det jordnære. I møta med andre menneske i sorg og glede. For meg blir det ofte tydelig at det er når eg er i relasjon til min neste, at eg møter Gud.  Det begynte med ei viktig sanning:  Gud blei menneske i Jesus, og sida har ein del av Gud vore på jorda.  Framleis Gud, men begrensa i det menneskelege.

Og då tenkjer eg på at vi menneske også møter Gud i alle dei vi er med på vegen gjennom livet.

Gudsnærveret er bygd  på relasjonen til vår neste. Når Jesus snakkar om at det vi gjorde mot disse, det gjorde vi mot Han. Så er dette meir enn eit moralsk og etisk bod. At ein skal hjelpe dei som lid på sin vei.

Og det er meir enn eit sosialetisk ansvar som vi er pålagt.  Det ligg djupare i enn det. Det ligg i det å møte og i dei vi møter.

Vi blei skapt i Guds bilde og Gud skaper og igjenskapar oss i si frelseshandling og i nådemidla.  Derfor møter vi alltid gjenskinet av Gud i augo til vår neste. Metodistkyrkja sin far, John Wesley,  seier at det å tru ikkje betyr noko, om det ikkje betyr noko for vår neste.

Han seier at «faith is the handmaiden of love». Dette betyr at det er kjærleiken til vår neste som er det utslagsgjevande. Og den kjærleiken er gitt av Gud, til hans  skapning som han elska så høgt. Og der Guds kjærleik er, der er også hans nærvær. Gud er der hans kjærleik er.

Skal eg då berre sette eit strek over domen?

Eg trur på domen. Eg trur på Guds dom og Guds rettferd.  Eg klamrar og tvilar og trur på Gud som ein gong skal kome igjen for å døme og for å rette opp igjen det øydelagde.  Nyskape. Med kjærleik. Fordi det gjekk så alt for feil det som eigentleg skulle vere så vakkert:

Elske sin neste som seg sjølv. 
Smi våpna om til plogar. Pløge jorda og dyrke vekstar som skulle fø kvart einaste menneskebarn.
Stryke over kinnet til den du elskar.

Og så kan vi vente på nåden:

 «Å døm oss, Herre, frikjenn oss i domen!
I di forlating fridom finst og von.
Den rekk så vide som din kjærleik vandrar,
til folk av kvar ein rase og nasjon.
Guds kjærleik er som stranda og som graset,
som vind og vidd og jord og allheims rom.»

Det er dette som er den nåden vi har i Jesus Kristus; vi er frikjende!

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, som var, er og vera skal, ein Sann Gud frå æve til æve.  Amen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"