Kjelde av levande vatn

preike av Margit Lovise Holte, 21.01.2018 Ulstein kyrkje

Kjelde av levande vatn

Veven

Som prest møter eg mange livsfortellingar; i dåpssamtaler, i vigsel, konfirmasjon, kyrkjekaffe, samtaler og sjelesorg – og ved gravferder. Vi menneske har unike og svært ulike livsfortellingar. I våre fortellingar ligg også fortellingar om tru.

Livsfortellingar og trusfortellingar er vevd saman til ein fargerik vev – og for kristne er merkedagane knytt til tru:  eg vart fødd då, eg vart døypt der, konfirmert, eg traff kjærleik, vi gifta oss, vi bar våre barn til dåpen, så døydde far min.. Små eller store livshendingar som tilsaman vert veven som er vårt liv. I denne veven er trusfortellingar sentrale, men ofte skjult – dei er den renningen som Gud spenn opp – slik at vi kan veve fargar. Og slik renningen skjult held trådane saman, slik er ofte trusfortellingar skjult i livsfortellingane våre.

Det sluttar aldri å begeistre meg dette; å lytte og vikle ut trusfortellingane, hjelpe dei til å få lys og ord. Eg sluttar aldri å forundre meg kor mykje tru det er hos folk, korleis vi på ulikt vis lever i dåpens nåde.  Folk og tider endrar seg – men Guds nåde… siv og rislar gjennom mange av våre livs og trusfortellingar.

 

Johannes skriv eit vakkert stykke av ei samaritansk kvinne si trus og livsfortelling.

4 Han måtte dra gjennom Samaria,5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.6 Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.
   
7 Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.»8 For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat.9 «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar.10 Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»11 «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå?12 Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?»13 Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att.14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
   
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.»17 «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus.18 «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.»19 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna.20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.23 Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.»26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.» Joh 4: 4-26.

 

Samtaler om dåp

For ei veke sidan las NMS si manngruppe denne teksta, og deira samtale krinsa rundt: kjelda. Dei samtalte om at kjelda med levande vatn må vere dåpen. Dåpen er frelsa i vatn og ord som gjev: heilage Ande – Guds barn.. fellesskap.. slik vi ber for borna som nettopp er døypte «Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke den inn i sin truande kyrkjelyd..»

Den kjelda Jesus snakkar om er inni oss: Døpefonten er som ei kjelde av nåde – vi ser det på forma i døypefonten vår her i kyrkja. Dåpen gir også den som er døypt ei kjelde i bringa si.. Sjølve dåpen skjer ein gong fordi det er heilt og fullt Guds verk: av nåde, heilt utan vår prestasjon!

I dåpen får vi:
1.Den heilage Ande slik at vi kan tru.
2: Vi vert Guds barn slik at vi kan høyre til
3. Vi vert  presentert og tatt imot i fellesskapet i kyrkja og får ein familie i Guds rike.

I samtalen med den samaritanske kvinna er dette tre moment som Jesus løfter fram:  

1. Kvinna søker og tilber: Jesus peiker på at tru er- Å få den heilage Ande – slik at vi kan tru og tilbe i Ånd og sanning.

2. Vere Guds barn og høyre til: Denne kvinna er utanfor, det er difor ho kjem åleine til brønnen. Jesu set henne fri frå skamma ho bær. Nærværet og samtalen med Jesus opnar for at ho ein framand kan høyre til og tru på Jesus.

3. Kvinna vert sett og tatt imot av Jesus. Det er som om han løfter henne opp og viser at han vil ha felleskap med henne.

Tru og tilbe
Vere Guds barn og høyre til
Sett og tatt imot i fellesskapen.

Dette er 3 heilt grunnleggande element i livsfortellingar og trusfortellingar.

 

Den muslimske kvinna

Onsdag fekk vi besøk av ein delegasjon tyrkiske politiske flykningar på kyrkjekontoret. Dei bur her no før dei skal busettast i ulike kommuner i Noreg. Dei er lærarar, dataingeniørar og tilsette ved universitetet som grunna styret i Tyrkia har måtte flykte frå landet. Dei er i sikkerheit no, men ville snakke for dei 668 babyane og dei 17000 kvinner som sit fengsla utan dom og rettsak. Gulnara Nadamova er forskningsassistent og ho la fram saka for oss – at dei stemmelause lid urett og er fråtekne menneskerettar og rettsvern. Og så ba dei innstendig om vi kunne be for alle som sit i fengsel.

Det vart eit sterkt møte mellom dei og oss – ei muslimsk velartikulert kvinne – ber oss om å høyre,  om å sjå om å be.. Det var som om vi fekk besøk av den samaritanske kvinna på staben. Ho utfordra oss på nestekjærleik og  menneskets ukrenkjande verdi– også for dei som trur og tenker annleis enn oss. Vi lever i ei verd med polarisering og egoisme som kan hindre oss å sjå nesten vår. Kven er vår neste? spurde disiplane Jesus.. og Jesus fortel om den barmhjartige samaritan.

 

#Meetoo

Det er eit anna aspekt ved dagens tekst som også må nemnast: Jesus samtaler teologisk med ei kvinne frå eit anna folkeslag, som trur annleis og ho går til brønnen på dagtid. «Du har hatt fem menn, og han du har no er ikkje din mann». Jesus møter kvinna på ein annan måte enn menn før. Dei menn som før har tatt seg til rette med hennar kropp og sinn.. fordi ho var ingen sin, ubeskytta, skitten, annleis, utanfor. Jesus møter henne ansikt til ansikt, blikk til blikk og frigjer henne frå skamma andre har påført henne. Ho vert så oppreist og fri at ho spring inn i byen og seier: her er ein mann som har fortalt meg alt eg har gjort!

Kvinner har gjennom historia vore tynga av byrder med seksuell skam. Og dagens evangelium kling i møte med vår tids meetoo; Menn som har utnytta si makt til å ta seg til rette med kvinner kropp og sinn, dei fell no som dominobrikker. Historia vil skrive at denne tida var eit tidsskille. Også for kvinner som har teke seg til rette. For det er ikkje lenger lov å ta seg til rette og påføre skam. Kvinner er ikkje objekt og har ikkje mindre verdt. Kvinner eig sin kropp og si historie, og krenkar ein det – må ein no stå til ansvar og be om tilgjeving og gjenoppretting. Jesus møtter kvinner med respekt; denne og kvinna som vart teken i ekteskapsbrot. Ho som skulle steinast, men Jesus fridde henne ved å seie: «den av dykk som er utan synd, - kan kaste den fyrste steinen»(Joh 8). Og kyrkja har heilt sidan dei store overgrepssaken på 80 talet vore klinkande klare – slik Jesus var, slik mange menn har vore, klinkande klar på at kvinner, barn, menn ja: menneskets ukrenkjande verdi. Og alle som har skjult seg bak talarstolar eller mektige vener, har høve til å sleppe steinen, ta ansvar for eige liv og vonde handlingar.

For i bringa til ein som er døypt strøymer nådekjelda. Ein kristen er ikkje eit menneske som er betre enn andre. Men ein kristen veit korleis ein får tilgjeving; Då gjer opp med nesten sin  om det er mogleg – og be Gud om tilgjeving.

Det flyt av nåde og kjærleik igjen når vi får tilbake å:
-          Tru og tilbe
-          Stole på at vi er Guds barn og høyre til
-           Bli sett og tatt imot i felleskapet.

 

Kjelde

Den vesle bygda eg vaks opp i er omkransa av vakre fjell. Ved foten av det største fjellet, ligg ei vasskjelde – ei oppkome som vi kallar den. Den gjev fantastisk friskt vatn som er av det beste vatnet i kommunen. Går du på tur der ein gong, vil du merke at kjelda nærmar seg, lenge før du ser den. For rundt kjelda er det mykje vatn. Sjølv på tørre soldagar vil foten sekke ned i lyngen langt unna –  jorda rundt er gjennomtrekt av vatn. Kjelda med friskt vatn gjev store ringverkander. Landet vårt er fullt av slike oppkomer, og ofte er dei som heilage stader. Har namn etter heilag Olav. For mennesket treng vatn for å leve. Og vi er eit heilag alminneleg, døypt folk som har kjelder av levande vatn i bringa.

Kva vil det seie å vere døypt?
I deg er ei kjelde. Lenge før folk ser deg, merkast det ringverkander av ditt liv. Kva er dei? Dåpens kjelde i deg kan vere som ringar i vatn rundt ditt liv.. ikkje fordi du er betre enn andre, men fordi livet ditt er forankra i ei nådekjelde som aldri tørkar opp.  I deg er ei kjelde, med det evige livs vatn. Alt det gode du gjev og er, men også alle feiltrinna og bommertane du gjer, all skamma du bær… alt dette møtast av livsenes helande vatn og Guds kjærlege blikk. Slik at vi kan:
-          Tru og tilbe
-          Stole på at vi er Guds barn og høyre til
-           Bli sett og tatt imot i fellesskapen.

Gjennom våre livsfortellingar og trusfortellingar rislar det i overflod livsens vatn frå ei evig kjelda som ikkje tørkar ut. Kjelda som renn frå Paradis og frå Gud kongstol i det nye Jerusalem.  Kjelda som fekk Jesus til å laga vatn til vin i bryllaupet i Kanaan: Kjelda han samtalte med Nikodemus om i natta,  med den samaritanske kvinna ved brønne –  og som engelen viser krafta av som helbredande rørsler i  Betestadammen. Jesus seier det slik i Joh 7: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka.38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"