Les preika frå gudstenesta 7. mai - Ulstein kyrkje

Samtale mellom Margit Lovise Holte, sokneprest i Ulstein og Tamari Moto, elev ved internasjonal linje på Sunnmøre Folkehøgskule.

Les preika frå gudstenesta 7. mai - Ulstein kyrkje

Margit: Kjære Tamari, vi er takksame for at du vil dele di historie med oss idag. Kan du fortelle litt om deg sjølv?

Tamari: Eg er Tamari Moto, 24 år gamal og kjem frå Tanzania frå ein organisasjon som er kalla Ilula Orphan program – program for foreldrelause som er på Folkehøgskulen.

Margit:  Du har valgt ein tekst til idag som er ein av dine favorittar Salme 23:        
        

   Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
          
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
          
     3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          
     4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
          
     5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
          
     6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.

 

Margit: Kjære Tamari, denne vakre Davidssalmen, med så mykje håp, den er det mange av oss som har eit forhold til. Den gjev løfter om eit stort håp, og vitnar om stor omsorg som er i Herren. Mange folk kjenner att livet sitt i denne salmen, - gjer du det?

Tamari:  -Herren er ein hyrding – det gjeld også for meg også. Og det betyr at Jesus hjelper oss når vi har det vanskelig. Han bringer folk til oss som hjelper oss. Mine foreldre døde då eg var 8 månader gamal, og det var veldig hardt for meg å vekse opp som foreldrelaus. Ingen vil oppleve noko slikt. Det var mangel på mat, kle, husrom – og all denne fortvilelsen førte til at eg tenkte at livet mitt var utan håp. Etter foreldra mine døde budde vi hos tanta mi. Ho fekk totalt 11 barn å ta vare på, og ho hadde ingen jobb, så det vart for mykje for henne.

Då eg var 5 år gamal byrja eg å finne ved og selge det for å bidra inn i familien. For dette kunne eg betale skule og skuleuniform. Nokre gonger hadde eg ikkje nok pengar til skulemateriell og kle. Vi fekk eitt måltid om dagen, av og til to.

På trass av dette brukte eg å tru på Guds hjelp, men eg kom i tvil når alt var så vanskeleg. Ville aldri livet mitt bli betre?

Då eg var i 6. trinnet på skulen kom det ei gruppe frå Ilula prosjekt for foreldrelause born i klassa mi og spurte om der var foreldrelause born i klassa. Der var mange, men det var berre eg som rekte opp handa. Eg gjekk heim og fortalde tanta mi at eg trur at no har Gud sendt desse menneska for å redde livet vårt.

Etter at eg dro til heimen for foreldrelause, vart livet mitt endra.. der såg eg glede, ei lysande framtid og ulike moglegheiter opne seg.. Som å kome til Noreg på Sunnmøre Folkehøgskule. Eg hadde aldri sett at slike moglegheiter kunne opne seg i livet mitt. Utan Ilula prosjektet og Folkehøgskulen, ville eg ikkje kunne gje Gud ære for dette. Takken for alt dette går til Jesus åleine.

Margit:  Takk at du deler av ditt liv og di historie. Så orda – eg manglar ikkje noko» – frå Salme 23, - kan dei også vere dine?

Tamari – I min familie har vi så mange slektningar, men mange av dei avviste oss då vi var små. Dei meinte at foreldrelause born er det ikkje vits  å hjelpe – for det dei har mista og manglar i form av tap av foreldre, - vil aldri kunne erstattast. Når tanta mi fortalde dette, vart eg veldig lei meg.

Margit: I Noreg diskuterer ein ofte om det er vits å hjelpe menneske i naud, om hjelpa verkeleg kjem fram. Vi kjenner igjen moment av det same som du fortel frå dine slektningar – mange lurer på: vil det vere nok? Vil det hjelpe? Og er det noko vits å hjelpe når nauda er så stor?

Tamari:  Eg trur vi ikkje kan hjelpe alle, men vi kan hjelpe nokon. Om du til dømes hjelper ein person, vil det skape ei stor endring for verda, - fordi den du hjelper vil hjelpe ein anna person. Slik kan vi redde verda.

 Margit: Det var nokon som såg deg den dagen på skulen, det betydde ei livsforvandlande endring. Korleis kan dette inspirer og utfordre oss til å sjå kvarandre – slik som Gud ser oss – slik at vi kan endre verda ilag?

Tamari: For det fyrste så trur eg vi ikkje skal dømme kvarandre i høve slik vi har det i ein no – situasjon. Sjølv når det ser håplaust ut, må vi hugse at alle kan få ei god framtid. Dei som du ser ned på idag, kan bli veldig viktige menneske for framtida.  Vi bør alle få ein sjanse. Eg trur på bønn og hard arbeid.

Margit: Så, utfordringa til oss idag er–  å lytte slik at ordet frå salmisten: vi skal ikkje mangle noko – kan gjelde for alle. Og at du skal bli sett for den du er i Guds auge.  Det siste er at det nyttar å hjelpe. Det nyttar å sjå andre menneske. Vi kan alle gjere ein skilnad, og gjere Guds lovnad verkeleg på jorda… om at ingen skal mangle noko.

Takk for alt du delte med oss i dag, Tamari. Og Gud velsigne deg!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"