Ny Beethoven-konsert i kyrkja

Torsdag 4. juni kl. 20:00 vil kantor Ståle Helvig spele 2 pianosonatar av 250 årsjubilanten Ludwig van Beethoven. Hans verk skal fram i sommarlyset - og det vil klinge ekstra godt på det nye Steinway- pianoet.

Denne gongen er det 2 pianosonatar frå Beethoven sin "mellomperiode", der han på fleire måtar går utanom, eller "utvider" sonatesatsformen. Denne gongen får vi høyre d-moll sonaten, den såkalte "Stormen", og den einaste pianosonaten der Beethoven ikkje brukar sonatesatsformen i det heile tatt.

Desse sonatane har fleire linkar til Johan Sebastian Bach. Det er difor heilt på sin plass å også ha nokre orgelkoralar av han med på denne konserten. Denne gongen påskekoralane frå "Orgelbüchlein. Dette er jublande musikk som feirar Jesu oppstode frå dei døde.

Det er fri entre, men høve til gåve via vipps (vi har framleis noko igjen på nedbetaling av pianoet)

Vi må framleis setje eit tak på 50 besøkjande i kyrkja - dersom du vil vere knallsikker på at du får plass - meld deg på her

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"