Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ulstein Ten Sing tok ideen over i ei ny tid

Ungdom i dag må ha ein skjerm. Og når Ten Sing skal på scena i året 2019 må skjermen vere stor – gigantisk stor faktisk. Ein konsert med Ulstein Ten Sing går føre seg på scena og på skjerm samstundes.

Ulstein Ten Sing framfører nemlig songane sine live til eigenproduserte musikkvideoar. Dette er gjennomført så profft og godt synkronisert at ein absolutt må ha den digre skjermen på kulturhuset Sjøborg for å kunne vise det ordentlig fram.

Også det som i gamle dagar var «drama» har blitt delvis flytta over på skjermen. Å følgje facebook- diskusjonen til Ten Sing for å finne tema for konserten på storskjerm med høgtlesing av diskusjonen er eit artig grep.

Tema for konserten var Dreams Become Real, og ein av draumane var sikkert også å kunne fylle storstova i Ulsteinvik. Publikumet fekk innblikk i noko av det ungdom drøymar om: Ein rettferdig og sunn verden, eit samfunn der ein ikkje treng å vere kjendis for å oppleve aksept, vennskap og eit miljø "..who will catch you if you fall."

Den musikalske kvaliteten var svært høg, med både eit flott og velbalansert fleirstemt kor, og med dyktige solistar og instrumentalister, støtta av teknikkarar som kan sitt fag. Det var eit bredt spekter av musikalske stoff kombinert på ein spenstig måte. Det må ligge hundrevis av timer bak den flotte produksjonen av ulike videoar som gav TenSing- konserten ein heilt ny dimensjon.

Kombinasjon av live- framføringar og video har Ulstein Ten Sing jobba med i eit par år og dette har etablert seg som ein ny metodikk for Ten Sing- arbeidet i Ulstein. Og ein video frå «over dammen» viste at Ulstein Ten Sing har kjendisstatus i eit studentmiljø Fullerton, Florida også...

Kreativiteten, energien og engasjementet som vi fekk oppleve på Sjøborg vitnar om at Ten Sing- ideen blomstrar og lever i beste velgåande også meir enn 40 år etter det heile starta. Ved å leige kulturhuset for sin konsert tek Ulstein Ten Sing frimodig steget ut på den offentlege kulturarenaen. Dette blei full suksess med over 300 personar i publikum.

På bilde og videoar på storskjermen fekk vi sjå både Fredheim og Ulstein kyrkje mange gongar – dei to arena der Ulstein Ten Sing har si heimebane. Eit slikt engasjert ungdomsarbeid er ei kraftkjelde for kyrkja i Ulstein. Takk for ein strålande konsert!

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"