Fastetid i 2019

«Kle dykk i sekk og aske» - ein praksis som ikkje heilt fungerer i dag, i 2019. Men korleis gjere faste i 2019? Koble av sosiale medier, ete mindre raudt kjøt, kjøre mindre bil, lese meir, sjå mindre TV? Men kvifor? Før vi saman går inn i denne tida som vi kallar for fastetida må vi spørje: kva er fastetida? Kva er hensikta med fastetida?

Fastetid i 2019

Fastetida er først og fremst eit ope rom, ei tid, gjeven oss av Gud. Det finnes difor mange ting ein kan fylle dette rommet med, og mange innfallsvinklar for å beskrive kva fastetida handlar om.

Ein kan lett legge opp fastetida på ein slik måte at det primært blir ein unnskyldning for ein slags sjølvrealisering. At ein skal bruke fastetida på å få eit litt sunnare liv, med meir trening eller betre kosthald. Men er det dette som er fastetidas hensikt?

Ein måte å beskrive fastetida er som eit fysisk og handfast symbol på omvendinga. Omvending handlar om å vende sitt blikk og fokus frå ein sjølv og ut til Gud og sine medmenneske. Difor handlar fastetida, som omvendinga, i utgangspunktet ganske lite om kva ein vender seg bort i frå, men først og fremst kva og kven ein vender sitt fokus mot. Om du vel å koble av sosiale medier, sjå mindre TV eller ete mindre raudt kjøt under fastetida, så er spørsmålet vidare korleis du ut frå dette valet kan rette ditt fokus utover mot Gud og medmenneske.

Fastetida er ikkje tukt, det er ikkje eit band eller ei lenkje. Fastetida er ei gåve, eit hjelpemiddel, eit ope rom som kan gjere det godt å vere menneske i relasjon – med Gud og andre menneske.

God fastetid!          

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"