Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nå kan du kome til gudsteneste igjen!

Å ha stengte kyrkjer strider mot kyrkja sitt vesen, og mange har sakna å møtast til gudsteneste. Søndag 10. mai opnar vi igjen med to gudstenester i Ulstein kyrkje som er opne for alle. Nasjonale retningslinjer og kommunelegen si tilråding ivaretek smittevernet. Vi vil også kunne feire nattverd saman, med god hygiene og1 meters avstand. MEN du må melde deg på gudstenesta!

Den norske kyrkja har denne veka fått retningslinjer for å gjennomføre gudstenester med opp til 50 personar til stades. Ulstein kyrkje er akkurat stor nok at vi kan vere 50 personar med 1m avstand i kyrkjebygget. Det er 4 viktige hovudprinsipp å følgje:

  1. Sjuke personer skal ikkje delta eller være til stade
  2. Gode rutiner for handhygiene og renhold
  3. God avstand (minimum 1m) 
  4. Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr

Fleire gudstenester med færre deltakarar
Med gjennomsnittleg oppmøte på 190 stk per gudsteneste, er 50 stk svært utfordrande. Ulstein kyrkje er lita, og med forskrift om 1 meters avstand blir det ikkje plass til nevneverdig fleire enn 50 stk, sjølv om vi vil erfare at etter 15. juni vil større kyrkjer opne for fleire antal deltakarar. Dette vil gje store konsekvensar, men vi gjer det vi kan ut av situasjonen, og intensiverer arbeidet for å få større kyrkjerom. Vi får gjennomføre inntil 2 dåp i eigne dåpsgudstenester, og andre gudstenestene er opne for påmelding inntil 50 deltakarar. Dermed blir det ofte 2 gudstenester på søn- og heilagdagane framover. Det vil også bli lagt opp til kveldsgudstenester i veka.

Påmelding til gudsteneste
Det er underleg å skulle melde seg på til gudsteneste, men det er eit betre alternativ enn å avvise folk i kyrkjedøra. Påmelding vil skje via nettet, og ved å ringe til kyrkjekontoret.
Her kan du melde deg på.

Ingen salmebøker og ingen kontanter
På grunn av smittevern blir det ikkje delt ut salmebøker. Vi bruker storskjermane eller deler ut ark som blir kasta etter gudsteneste. Det er heller ikkje mogleg å gi kollekt med kontantar eller kort. Bruk VIPPS 77615 om du ønskjer å gi ei gåve på gudstenesta.

Framleis gudstenester digitalt
Sidan vi berre får plass til ein liten del av kyrkjelyden i gudstenestene vil vi halde fram med strømme gudstenester via Facebook / Youtube.

Produserte gudsteneste
4 årsbok er kjørt rundt i postkassene, og gudstenesta er produsert og vil bli vist søndag 10. mai. Con Moto, Korklubben og nokre blåsarar frå HDU vil vere med å lage 17. mai- gudsteneste i år! Den vil bli produsert på førehand og opptaket sendt i samband med kommunen sitt 17. mai- program. Nokre frivillige eldsjeler med god kunnskap om slike produksjonar har gjeve soknet sine gudstenester på nett eit skikkelig løft.

Samtaler og sjelesorg.
Vi har fåttt opning for å ha dåpssamtale og sørgesamtaler i kyrkjerommet Til veka kjem ein nasjonal vegleiar for samtaler og sjelesorg. Vi er framleis å nå på telefon og Skype, gjer vel å ta kontakt. Dødsbodskap, nattverd og omsorg til døyande vil vi framleis gjere vårt for å gjennomføre i samråd med rådande smittevernsreglar og kommunelegen si tilråding.

Arbeid med barn og unge
Trusopplæringstiltak «Skapt" der 6åringer blant anna setter poteter vil avviklast i mai. Også for slike tiltak har det komt nasjonale retningslinjer og lokal gjennomgang av kommunelegen som vi følger. Korarbeid er gang igjen. Korklubben får plass på Fredheim, men Ulstein Ten Sing har så mange deltakarar at dei må bruke Sunnmøre folkehøgskule for å kunne ha tilstrekkelig plass og halde smittevern og 1meters- regelen.

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"