Rosene på kyrkjemuren

Forrige veke vart det lagt roser på kyrkjemuren med orda: "Black life matters, we bleed the same color, kill racism, not black lives, justice for George, silence is violence.»Når vi samlast I Ulstein kyrkje er vi alltid eit mangfaldig og fargerikt felleskap, og det er viktig for oss. Vi er alle menneske som er like mykje verdt i verda og i vår verdsvide kyrkje.

Søndag tok sokneprest Holte opp rasisme i preika:

«På kyrkjemuren vart det lagt roser denne veka – roser med ord som minner oss om å stå opp imot rasisme – roser som ber oss lytte, handle og halde heilande rom for andre. Fordi alle blomar livskransen er viktige. Vi er ei verdsvid kyrkje med mange blomar og farger. Det er ikkje skil på nokon som er i Kristus, og når ein lem lid, så lid heile lekamen, skriv Paulus. Der er mange vonde ting som må bort, og vårt kall som kristne er også å halde heilande rom ved å stå opp mot urett, undertrykking og nød. Også her i vår bygd gjer vi skil på folk anten på grunn av kjønn, hudfarge, bakgrunn eller økonomi. Vi er kalla til å halde fram heilande rom for kvarande.

For tida les eg Augustins bekjennelsar. Boka «Confessiones" er skrive av kyrkjas viktigaste biskop og teolog, Augustin, som levde rundt 300 år etter Kristus. Boka er ein psykologisk sjølvbiografi over sitt eige liv. Han skriv om sitt urolege hjarte, sitt turbulente liv og Guds nåde som berørte han. Den er skriven for 1700 år sidan, og den er foruroligande aktuell om mennesket sjel. Augustin var også Luther si store teologiske inspirasjonskjelde under reformasjonene. Augustin var frå NordAfrika, - likevel er han ofte avbilda med krittkvit hud. Også kyrkjekunsten har freista legge sitt kvite drag over ein av kyrkjas største intellektuelle med svart hud. Men heldigvis har ikkje forsøket på kvitmaling tatt fargen og krafta frå hans ord om Gud. Han skriv vakkert om Gud som livets kjelde og om alle tings samanheng.

Hans enkle ord av visdom, skal få avslutte denne preika fordi eg syns dei gjev meining i møte med bildet om livskransen, om å halde heilande rom for andre – og om Gud som held heilande rom for oss.

Augustin seier:

Ingenting blir forstått, om det ikkje fyrst blir elska.

Gud elsker kvar og ein av oss, som om det berre var ein av oss»

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"