Prestevikar Stine Margrethe Lerheim

Frå 1.august var eg på plass som prestevikar her i Ulstein sokn. Eg gler meg til å bli kjent med deg og kyrkjelyden.

Litt om meg sjølv: Eg er 49 år gamal sulalending, nærare bestemt frå Langevåg. Er utdanna adjunkt med faga fransk, kristendomskunnskap, norsk og religionshistorie, og har jobba 25 år i skulen, dei siste 18 åra på Fagerlia vgs i Ålesund.

Elles har eg vore innom ungdomsskule, norskopplæring for flyktningar og innvandrarar og tilrettelagt opplæring for ungdom (tidl. Sogn vgs i Oslo). Hausten ’94 hadde eg eit vikariat ved Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH), der arbeidde eg i lag med mange kjekke folk, mellom anna Christfried Kaul, som no er kyrkjeverge her i Ulstein.

Eg er gift med Christian Birkeland som jobbar på Spjelkavik vgs, og vi har 3 born (21, 20 og 16 år). Etter å ha budd nesten 10 år i Oslo, der vi hadde studietida vår og der dei to eldste er fødde, leita vi oss opp att til Sunnmøre i 2000. Vi bur i Langevåg på Sula, så dette året er eg fergependlar. Tida på ferga nytter eg ofte til å lese, strikke og høyre på podcast. Elles er eg glad i fjellturar og lytte til musikk, og likar også å nyte eit godt måltid i lag med familie og vener. Eg likar godt å gå på kino, konsertar og teater når høvet byr seg. Eg syng i kor, noko som gir meg stor glede og påfyll i kvardagen.

No har eg hatt snart 4 veker som prestevikar, og begynner så smått i kome inn i den nye arbeidskvardagen. Eg håpar at eg skal få vere med å bidra til eit godt fellesskap i kyrkja, både i gudstenester og dei andre oppgåvene og aktivitetane som skjer i kyrkjelyden.

 

Ser fram til å bli bedre kjent med DEG og andre i Ulstein sokn! 😊

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Tysdagar og torsdagar kl 10-14

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"