Jubileumsarrangement Ulstein kyrkje 170 år

Ulstein kyrkje vart oppført  ut på Ulstein etter at den gamle steinkyrkja frå 1100-talet brant ned i 1847. Ulstein kyrkje blei vigsla 13. mai 1849. Vi vil feira 170års- jubileet med eit stort kulturarrangement, søndag 12. mai, kl. 19.00. Øystein Ekroll kjem. Ein akt frå kyrkjespelet, om "Dagen då nye kyrkja vart vigsla 13. mai 1999" blir framført, "Glimt frå Sunnmøre på 1700-talet", ved Dagfinn Olav Bye, og mykje song og musikk står på programmet på dette jubileumsarrangementet.

Jubileumsarrangement Ulstein kyrkje 170 år

Søndag 12 mai 2019, er det nesten på dagen 170 år sidan Ulstein kyrkje blei bygd. Det vil bli feira med eit stort kulturarrangement. Øystein Ekroll kjem frå Trondheim. Han er mellom anna kjend for praktboka "Sunnmørskyrkjene" (saman med Per Eide). Elles kan ein lesa fylgjande om han på Wikipedia: 

"Øystein Ekroll (født 16. januar 1957LarsnesSunnmøre) er en norsk arkeolog og forsker. Han har magistergrad i nordisk middelalderarkeologi ved Universitetet i Bergen fra 1986 og Dr.Phil. Han er førsteamanuensis ved Nidaros domkirkes restaureringsarbeider, der han har arbeidet siden 1992. Ekroll forsvarte i 2015 for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Det humanistiske fakultetet, med avhandlingen: The Octagonal Shrine Chapel of St Olav at Nidaros Cathedral.. An Investigation of its Fabric, Architecture and International Context.[1] Disputasen ble avholdt inne i Nidarosdomen.[2]

Ekroll er spesialist på bygningsarkeologi, og har arbeidet med konservering av steinbygninger og ruiner i hele Norge, bl.a. middelalderruinene i Gamlebyen i Oslo. Bidro til oppbyggingen av museet i Erkebispegården i Trondheim (åpnet 1997). Har deltatt ved en lang rekke utgravninger i Norge og Hellas, og har publisert et større antall artikler om bygningshistorie i middelalderen. "

Øystein held foredrag med tittel "Frå Ulstein til Vik - kyrkje og kyrkjebygging i Ulstein gjennom 800 år"

I 1999 feira vi Ulstein kyrkje 150 år med eit spel skreve av Odd Magnus Osnes. Vi får gjensyn med noko av dette spelet. Skodespelarar er Lasse Holstad og Ole Sande.

Den talentfulle fiolinisrten Johannes Davidsen blir med og speler saman med organist Ståle Helvig. Det blir "Blikk frå Sunnmøre på 1700-talet" med Dagfinn Olav Bye, Endre Havåg resiterer eit dikt av Jakob Sande, og vi får song med Birgitte Vik Wymer. Ein kjem heller ikkje utanom orgelmusikk og salmesong ein slik kveld. Det heile blir bunde saman av Hannelore Måseide.

Arrangementet startar kl.19, og det er fri entre.
I samband med arrangementet blir det samla inn eit offer til vedlikehald av Ulstein kyrkje

Vel møtt!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"