Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nykyrkjekarane tok kulturlivet tilbake til Ulsteinvik - og hjelper folk i Tanzania

Den første Drive in - konserten i Ulsteinvik gjekk av stabelen 2. mai 2020. 50 betalande bilar på ein ganske så grå kveld viser at det er eit stort behov for å få opplevekulturen live. Dei fire band: Evergood, Iknow, Oldplay og Brøyekant sto for eit 2 timers program. Inntektene frå billetsal, loddsal og private gåver gjorde det mogleg å sende kr. 10.000 til støtte for bygging av eit skulebibliotek i Tanzania.

Nokre karar klarer ikkje å sitte i ro - sjølv i eit samfunn betraktlig dempa av Corona- tiltakene. Det var berre å finne på noko som er ei god 3-eitt- sak i god Nykyrkjekarar- stil:

  1. Det skal gagne lokalsamfunnet vårt
  2. Det skal generere eit overskot til nokon som treng det
  3. Det skal vere gøy å halde på med for oss sjølv

Gjengen har det jo med biler, dette er kjent frå før. Eit opplegg med eitt eller anna relatert til Drive in må jo vere mogleg, tenkte dei, og klekte ut ideen om ei kulturscene i Corona- tida, der du kan møte opp, godt verna mot Corona og sunnmørske regnbyger i eigen bil. I alle fall så lenge du ikkje møtar opp i Cabriolet med open kalesje.

Fire band var ikkje vanskeleg å be om å stille med kvar si halvtime. Lyden på scena var svært god, men for å lytte til konserten måtte du faktisk skru på den gode gamle FM- mottakaren i bilen og finne fram Bygderadio Vest sin frekvens på FM 104,9. Applaudert ble det med signalhorna og lysblinkinga frå bilane. God stemning heile vegen!

Det var eit godt samarbeid med kommunen, som stilte med scena, og dei fekk også god stønad gjennom sponsorinntekter for at arrangementets grunnutgifter var sikra.

Den gode deltakinga, loddsal og nokre private gåver til denne kulturkvelden gjorde det mogleg at kvelden hade eit overskot som kunne gå til å bygge eit skulebibliotek i Tanzania. kr. 10.000 frå den første kvelden er eit flott resultat som er til stor hjelp i eit land som ikkje på same måte har økonomi som Noreg for å handtere Corona- pandemien.

Nykyrkjekarane har planar om fleire slike laurdagskveldar, så det er berre å ha bilen klar!

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"