Gudsteneste på kvinnedagen 8. mars

8. mars er Den internasjonale kvinnedagen som har vore feira sidan 1914, men det var først i 1978 at FN vedtok feiringa av dagen der vi løfter fram kvinners rettar og likeverd. Gudstenesta 8. mars kl 11:00 vil vi feire denne dagen. Frid og Glede vil delta med musikk.

Gudsteneste på kvinnedagen 8. mars

Mykje av det vi i dag ser på som sjølvsagte rettar og likeverdsprinsipp har vore kjempa fram av kvinner som var føre oss.
I den kristne kyrkja har kvinners situasjon endra seg. Frå Guds side har kvinne og mann alltid vore likeverdige. Eva blei skapt fordi Adam ikkje kunne være åleine, dei ble skapt i Guds bilete og sidestilte. Kyrkja si historie har ikkje handsama kvinner likeverdig og framleis vert ikkje kvinner anerkjent som religiøse leiarar i mange stader.

Gudstenesta 8. mars kl 11:00 vil vi feire denne dagen. Frid og Glede vil delta med song, og dei fleste salmane vi skal synge er skrivne av kvinner. Vi gler oss til å bruke nokre nyskrivne salmetekster av Marit Kaldhol. Den internasjonale kvinnegruppa i Ulstein sokn vil delta i forbønshandlinga saman med diakon Ranveig Kaldhol og praksisstudent Mercedes. Sokneprest Margit Lovise Holte preiker om den kanaaneiske kvinna sitt møte med ein avvisande Jesus i Matt 15, 21-28. Vi helsar store og små, kvinner og menn velkomen til å feire denne viktige dagen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"