Allehelgen i Ulstein kyrkje

For mange som har mista ein av sine kjære er denne helga ei spesiell tid, då ein gjerne besøker kyrkjegarden for å stelle eller tenne lys. Me voner at nokon kan synes at det er godt også å kome inn i kyrkja i løpet av desse dagane. Her kan ein setje seg ned i stillhet og la tankane flyte. Eller ein kan rusle rundt med borna, teikne, tenne lys, slå av ein prat over ein kopp kaffi/te eller saft. Det vert heilt uformelt. Folk kan kome og gå som dei vil. Ulstein kyrkje vil vere tilstades med sine representantar/diakoniutvalet og dersom du ønsker ein samtale vil det vere høve til det.

Allehelgen i Ulstein kyrkje

Kyrkjeromet vil vere opent:
Laurdag 2. november: 12.00 – 20.00 og Søndag 3. november: 10.00 – 16.00

Det vil og vere ulike arrangement i kyrkja i helga:

Laurdag 2. november kl. 16.30 blir det ei særskilt minnesamling der alle som har mista nokon av sine sidan førre Helgemesse er særleg inviterte, men stunda er open for alle som ber på ei sorg eller eit sakn, og alle andre som ynskjer å vere med. Vi kjem saman til vakker musikk, nærvær, lystenning og ord til trøyst og håp på vegen vidare. Vi vil lese opp namna til alle som døydde i Ulstein det siste året. Iver-Olaf Grimstad syng, Ståle Helvig spelar orgel, Jørgen Skogestad Kleiven har andakt og Ranveig Kaldhol og diakoniutvalet tek del.

Søndag 3. november er det helgemesse kl. 11.00. Det vil også då verte lagt opp til å minnast i kjærleik i lys av håpet i den kristne trua. Kapellan Jørgen Skogestad Kleiven er liturg, Birgitte Vik Wymer syng, Nadia Demirova spelar fiolin og Ståle Helvig spelar orgel.

Søndag kveld er det konsert med Jazz&Koral, kl. 19.00. Billett: kr. 200,- (sal i døra).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"