Skriftleg gudsteneste, 15.mars

Kjære kyrkjelyd, nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus!                                                                                                                                                                                                  Det er ei spesiell tid vi no er inne i, og grunna smittevern kan vi ikkje samlast til fellesskap i kyrkja. Men du og eg, i kvar våre heimer, utgjør likevel kyrkja sitt fellesskap og vi kan framleis ha fellesskap med Gud. Difor blir dagens gudsteneste ei kort skriftleg gudsteneste, som du åleine eller med familien kan lese høgt eller stille. På den måten kan vi også denne søndagen feire gudsteneste i lag.

Skriftleg gudsteneste, 15.mars

Fastebøn

Vi tenner eit lys og ber:

Kjære Gud, takk for at du har gjeve oss evnen til å håpa. La oss bruka håpet til å skapa forandring i oss og rundt oss. Gje oss mot til å forandra fastlåste tankesett, og bruka evnene våre til å ta vare på kloden vår. Hjelp leiarane våre til å gjera berekraftige val og vedtak. 

Tekstlesing:

Vi les i dag ei tekst frå Salmane:

2 Berre hos Gud er eg stille,
          frå han kjem mi frelse.
     3 Berre han er mitt berg og mi frelse
          og mitt vern, eg skal ikkje vakla.

6 Berre hos Gud skal eg vera still,
          frå han kjem mi von.

7 Berre han er mitt berg og mi frelse
          og mitt vern, eg skal ikkje vakla.

8 Hos Gud er mi frelse og mi ære.
          Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.

 9 Lit alltid på han, de folk,
       aus ut dykkar hjarte for han!
          Gud er vår tilflukt.

Sal 62,2-3.4-6

 

Preike

Eg har ein fotball i mine hender. Då er den kanskje verd omlag 200 kroner.
Ein fotball i Erling Braut Haaland sine hender er verd omlag 200 millioner kroner.

Det kjem altså an på hvilke hender den ligg i.

Eit par ski i henda mine er verd 1000 kroner.
Eit par ski i Therese Johaug sine hender er verd millionar av kroner.

Det kjem altså an på hvilke hender det er i.

Ein hammar i hendene mine kan ikkje brukes til så mye.
Ein hammar i hendene til ein eg kjenner kan bygge flotte hus. 

Det kjem an på hvilke hender det er i.

Ein stokk i mine hender kan kanskje holde unna eit vilt dyr.
Ein stokk i Moses sine hender kan dele eit mektig hav.

Det kjem altså an på hvilke hender det er i.

Ei slynge i hendene mine er eit leketøy.
Ei slynge i Davids hånd blir eit mektig vapen.

Det kjem an på hvilke hender det er i.

To fisker og fem brød i hendene mine er eit par fiskesmørbrød.
To fisker og fem brød i Jesu hender kan mate tusenvis av menneske.

Det kjem an på hvilke hender det er i.

Nokken naglar i hendene mine kan kanskje bli til eit fuglehus.
Naglane i Jesu Kristi hender gav frelse for heile verda.

Det kjem an på hvilke hender det er i.

Som du ser, det kjem an på kven sine hender tingene ligge i.

Så legg bekymringane dine, frykten din, håpet ditt, drømmane dine, familien din og alt du har – i Guds gode hender.
Fordi det altså kjem an på – hvilke hender dei ligg i.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve.

 

Forbøn

Far i himmelen. Takk for at du skapte oss, og takk for at du skapte jorda vi bur på. Takk for at du kjenner oss og elskar oss. Hjelp oss til å ta vare på kvarandre og på alt det du har skapt. Vi bed i dag for alle som jobber innen helse og omsorg – vær med dei i kampen mot Corona-viruset. Gud, vi bed.

Kjære Jesus. Du fann vener du kunne gleda deg saman med og gråta hos. Takk for evna vår til venskap. Hjelp oss å vera til stades for kvarandre. Lat alle menneske finna nokon dei kan stola på. Du har vist oss at alle menneske er like viktige og like verdfulle. Ver hos alle som lid på grunn uforstand eller vondskap. Hjelp oss til å kjempa mot undertrykking og urett. Ver med alle som er redde, einsame og usikre tida som ligg framfor oss. Gud, vi bed.    

Gode heilage Ande. Du viser oss vegen vi skal gå. Gjev oss vilje og kraft til å gå han. Gjev oss visdom og styrke, så vi kan stå saman. Du har kalla oss til å vera di kyrkje. Kom til oss med dine gåver, og hjelp til å vera lys og salt i verda. Vi bed om håp og kraft i tida som kjem. Gud, vi bed.

Herrens bøn

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

 

Salme – Deg å få skode (nr.482)

Akkompagnement: https://www.youtube.com/watch?v=6kOLK5DD64Y

 

Ta imot velsigninga

Herren velsigne deg og vare deg. Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg, og gje deg fred. Amen

 

Gå i fred, ten Herren og din neste med glede

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"