Jazz & koral 2019

Søndag, 3. november kl. 19.00 er Jazz & Koral, tradisjonen tru, tilbake i Ulstein kyrkje, denne gongen saman med det lokale damekoret Lyst. Konserten vil bli ei reise frå det sakrale til det mektige, frå det klassiske via folketonen til New Orleans, og vil gje rom for både glede og ettertanke.

Jazz & koral 2019

Jazz & Koral hadde sin fyrste konsert i Ulsteinvik i 2007 som eit prosjekt. Denne var svært vellukka og Jazz & Koral må kunne kallast ein suksess etter fleire vellukka kyrkjekonsertar i Ulsteinvik, Spjelkavik, Fosnavåg, Larsnes, Voldsdalen, Sjøholt, Sæbø, Volda og Valderøya.

No er Jazz & Koral klar for ny konsert i Ulstein kyrkje søndag 3 november. Jazz & Koral byd på ein variert konsert med utgangspunkt i salmar og gospelinspirerte songar.

Musikarane i Jazz og Koral er godt kjende i det lokale musikkmiljøet:

Ståle Helvig og Rune Ertesvåg let dei to svært ulike instrumenta kyrkjeorgel og gitar møte kvarandre for nye tolkningar av nokre av våre mest kjære salmar. Resultatet er variert – noko er så vart som svartestilla medan andre gongar vert det mektig, inderleg, suggerande og rått med fuzzgitar og full pedal på orgelet.

Ann Cesilie Skundberg er gruppa sin faste vokalist. Ho har lang fartstid som vokalist og har stor vokal spennvidde. Ho meistrar det sakrale i salmar, sjelfull song i jazz-, soul- og gospelsjangeren.

Bertil Tødenes og Jan Thormodsæter  utgjer denne gongen kompet i Jazz & Koral, og Bjørnar Hovlid trakterer pianoet.

Gjestesolist i år er Rolf Magne Tømte. Rolf er mykje brukt solist i området her, og er utdanna lærar med mellom anna bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda.

Billett: kr. 200 seljast i våpenhuset rett før konserten.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"