Jubileumsbok: "Kyrkja i Ulstein - Eit ankerfeste i tida"

I høve Ulstein kyrkje sitt 170 årsjubileum har vi laga boka « Kyrkja i Ulstein». Den er i sal på kyrkjekontoret og på andre arrangementer i kyrkja sin regi no før jul. Ein kan betale med kort, eller vipps #581958. Du kan bestille den rett her på sida - nederst i artikkelen.

Foto: Cecilie Hatløy

Der finst mange ulike kjeldene til dokumentasjon om kyrkja si historie og hennar kyrkjekunstskattar som er av dei eldste i bygda. Dei mest kjende kjeldene er lokalhistoriske bøker og festskriftet til P.F. Waage frå 1978. Magne Grimstad jr frå Osberget har drive bokprosjektet og er ansvarleg redaktør saman med sokneprest Margit Lovise Holte. Grimstad seier det er ei stor glede å sjå boka ferdig med ord og vakre bilete om dette bygget som betyr så mykje for folket og bygda.

 

bilde_17.jpg

Foto: Cecilie Hatløy

Journalist og forfattar Asle Geir Widnes Johansen har lest gjennom det som finst av kjelder på Ulstein kyrkje, samanfatta historia og sett den i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Han har fått mange overraskingar på vegen, og oppdaga kor viktig kyrkja si rolle var i bygginga av UIstein og nasjonen. Han var ikkje klar over kor omfattande kyrkja sitt arbeid er, og prosjektet har rett og slett vore trusstyrkande, seier han. Som journalist skriv han også om vanskeleg debattar og saker i kyrkja. Soknepresten er glad for Johansens ærlege penn og er audmjuk på at kyrkja si historie også inneheld maktovergrep og feiltrinn. Dette skal ikkje skje, -og vi må vere audmjuke for kyrkja vert styrt av menneske som også trår feil, og at vi kan lære av historia. Evangeliet har vorte overlevert i generasjonar med tru, håp og kjærleik nok for alle, og kalla til samfunnsinnsats og nestekjærleik.

  bilde_15.jpg

Foto: Cecilie Hatløy

Den anerkjente og prisløna fotografen Cecilie Hatløy har tatt bilder av kyrkja som er brukt i boka. Ho utrykker glede for oppdraget og har gjennom sitt kunstnarlege blikk teke bilder som gjenspeglar dette vakre bygget sin varme og sjel. Alle dei historiske kyrkjekunstskattane er no også dokumentert i form av bilder som vert bevart for ettertida. Vi vonar mange får blikket opp for den store kunstskatten som er i aktiv bruk i bygget vårt.

Boka hadde ikkje vorte til utan støtte frå Historielaget, Ulstein kommune og Sparebanken Møre

Ei stor takk må rettast til redaksjonsnemnda som forutan Grimstad, Holte og Johansen besto av soknerådsleiar Annelise Kleven Godø, kyrkjeverge Christfried Kaul, Britt Opsahl Myrene frå biblioteket og Ulstein kommune og Inge Håkonsholm som representerte Ulstein Historielag. Gunder Runde har stått for god korrektur, og vi takkar mellom anna Storegjerdesamlinga for bruk av bilete.

 

                          bilde_8.jpg

                                                             Foto: Cecilie Hatløy

 

Her er noko av innhaldet i boka:

Kristninga av Ulstein og utviklinga i mellomalderen

Frå reformasjonen og i tida etter

Inn i ei ny tid – og med ny kyrkje

Misjonsarbeid, vekkingar, foreiningar og lagsliv

To kommunar, to sokn, eitt prestegjeld. Soknerådet blir innført

Krig, kyrkjekamp og kamp for kristne verdiar, nye arbeidsformer og kyrkjejubileum        

Tida frå jubileet og eit par tiår framover; Ten Sing og nye kyrkjesamfunn og kyrkjelege stridsspørsmål

Dei siste åra og situasjonen i dag

Inventar i Ulstein kyrkje

Prestar i Ulstein       

        

bilde_5.jpg

Foto: Cecilie Hatløy

 

Vi trur denne boka vert ein skatt i alle heimar, og det er ein fin og verdig måte å hylle den 170 år gamle kyrkja vår som er ein viktig lokal del av ein tusenåring tradisjon i landet vårt.

Frå forordet til sokneprest Margit Lovise Holte står det:

 

«Over kyrkjedøra vår rita kyrkjebyggarane i si tid inn ord frå Salme 100: Gå gjennom hans portar med takkesong. I 170 år har folket gått gjennom portalen med desse orda. Somme gonger med takk over eit nyfødd barn i armane. Andre gonger ein kvit flokk av konfirmantar i finstasen og utvaksen dåpsklednad. Under portalen har brudepar vorte fotografert medan dei viser kjærleiken sin med kyss og breie smil. Og til sist med kvite klede, lagt i ei kiste med himmelhåp, i sorg og takksemd boren ut etter eit kort eller langt liv. Portalen med oppmoding om takkesong for alle steg på ferda, i bunadsko eller joggesko, for små føter og for den som ikkje veit å fote seg meir.

Kyrkja er og vil vere eit kraftsentrum i bygda, kulturen og gjennom historia. Nye generasjonar skal, som vi, få stige inn og ut gjennom dette og nye kyrkjebygg med ein himmel over livet og fast grunn under føtene – saman på ferda.»

bilde_10.jpg

Foto: Cecilie Hatløy

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"