Siste dag for Kyrkja på senteret

Vi vil takke Blåhuset for det som har vore eit spennande og givande prosjekt som har fått merksemd over heile landet.

Siste dag for Kyrkja på senteret

Nyleg vart det kjent at Blåhuset kjøpesenter får ny forvaltar i det dei går inn i ei kjede. I høve denne overgangen fekk vi seint i førre veke beskjed om at lokalet som har vore nytta til «Kyrkja på senteret» skal nyttast til andre formål. Vi har vore så heldige å disponere dette lokalet i snart tre år. Vi vil fyrst og fremst få takke Blåhuset med senterleiar Kathrine Ulstein for særs raus og storsinna avtale desse tre åra. Vi er svært takksame for alle ringverknadar tiltaket har gjeve.

Kyrkja på senteret starta opp midt under korona som eit tilbod for alle som ønskte nokon å snakke med, i det som var ei svært krevjande tid for mange. Tilbodet har vore særs godt motteke. Dåverande diakonvikar, Mari Ann Vattøy, stod i spissen for prosjektet, og har sidan opninga hatt svært mange på besøk – aldri ein dag utan. Tiltaket opna som eit lågterskeltilbod, noko vi føler det har levd opp til. Det har også vore ein måte å kome i kontakt med menneske som har behov for ein prat éin til éin.

I og med at den nye kjeda ynskjer endringar allereie i starten på mai, så vert siste opningsdag for Kyrkja på senteret onsdag 24.april 2024. Dette er sjølvsagt vemodig ettersom vi ser at det er eit stort behov, samt at dette er eit godt bidrag i kampen mot einsemd i Ulstein. Vi vil endå ein gong takke Blåhuset for det som har vore eit spennande og givande prosjekt som har fått merksemd over heile landet. Utan denne velvilja hadde det ikkje gått.

No er det over for denne gong, og vi skal flytte ut. Med det sagt vil vi prøve å få tiltaket opp å gå igjen ein gong i framtida. Om nokon har ei krå til oss er det ikkje store plassen vi treng. Vi vil ynskje Blåhuset lukke til med nye planar!

Stor takk til alle som har vore innom dørene, heia frå sidelinja og bidrege med alt i frå inventar, til bakst, blomar, hender og ord.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"