Ranveig Kaldhol om misjonsengasjement

Misjon er å dele den glade bodskapen om Guds kjærleik og Jesus sin seier over døden.

Ranveig Kaldhol om misjonsengasjement

Då Jesus skulle forlate sine læresveinar og vener så gav han dei eit oppdrag. Dei skulle gå til alle folkeslag, døype dei og lære dei. Den kristne kyrkja har sidan då vore oppteken av at alle skal få høyre om Guds kjærleik og Jesus sin seier over døden. Vi er med i denne kjeda og skal halde fram med oppdraget. Misjon er å dele. Vi skal dele trua og vi kan dele av våre midlar. Mange tenker at misjon er å sende folk til andre land for å forkynne eller lære opp folk. I dag er det ofte slik at det er lokale folk som arbeider mellom sine eigne, for dei kan språket og kjenner kulturen. Men vi skal få vere med og støtte dei. I Midt Austen kan vår støtte brukast mellom anna til å produsere kristne TV-program for born på mange språk. Det når fram til millionar. I Kairo kan vanlege folk kjøpe seg ein Bibel, fordi vi er med på å subsidiere slik at prisen vert overkomeleg. Og på det kyrkjelege diakonale senteret kan gategutar få opplæring og misbrukte kvinner få hjelp og støtte.
Vi kan gje og vi får ta imot. Biskop Thomas frå Egypt har fleire gongar vore i Norge – forkynt for oss og inspirert oss. Gjennom Hald internasjonale senter har vi i kyrkjelyden blitt kjent med unge frå Thailand, Madagaskar og Kina.

Som kristne kan vi oppleve eit sterkt fellesskap, sjølv om vi ikkje kan kommunisere så godt. Når vi syng og bed kjenner vi på at vi er eitt fellesskap, noko eg opplevde mange gongar i Kamerun og i Den Internasjonale Kvinnegruppa vi har i Ulstein kyrkjelyd. Vi er eitt i Kristus.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"