Påskeprogram - Ulstein kyrkje

Det blir ei annleis påske i år - men vi skal samlast i fellesskapet, kvar for oss. Påskebodskapen er den same: Jesus vann over døden! Under finn du påskeprogrammet med digitale sendingar på nettet. Vel møtt i den digitale fellesskapen. Ver merksam på at vi også opnar kyrkjeromet eit par timar, for ei stille stund - langfredag og 2. påskedags ettermiddag.

Påskeprogram - Ulstein kyrkje

Onsdag, 8. april

Frå kl. 19.00: (via Facebook)
Orgelkonsert Kantor Ståle Helvig spelar verk av Johann Sebastian Bach. Del gjerne opplevinga med familie og vener på Facebook. 

Skjærtorsdag, 9. april

Kl. 17.00: (sendt som direkte streaming til Facebook og til TV på institusjonane)
Kort gudsteneste ved Rolf Schanke Eikum. 
Kollekt via Vipps nr 77615 til Diakoniarbeidet i Ulstein sokn.

Langfredag, 10. april

Frå kl. 14.00: (via Facebook)
Pasjonsforteljinga.
 Lest av Karianne Orvik i Ulstein kyrkje.
Kristuslyset vert blåse ut.

Kl. 16.00-18.00:
Opa kyrkje
Om du er ute og går ein tur forbi Ulstein kyrkje, gå gjerne inn for ei stille stund eller for å tenne eit lys. Kyrkje er opa, og vi følgjer til eikvar tid FHI’s og kommuneoverlegen sine påbod og retningslinjer.

Påskeafta, 11. april

Kl. 17.00 – 18.00: Høgtidsringing med kyrkjeklokkene.

Frå kl. 22.00: (via Facebook)
Exsultet. Kristuslys tennes. Liturg: Margit Lovise Holte.
Tenn lyset i stova og bli med. 

Første påskedag, 12. april

Kl. 12.00: (Tv-overføring til sjukeheimen)
Dåpsgudsteneste.

Kl. 14.00: 
Dåpsgudsteneste.

Kl. 17.00: (direkte streaming til Facebook og til TV på institusjonane) 
Påskesongkonsert frå kyrkja. Kanskje du får høyre din favorittsalme?
Send ditt salmeønske direkte til kantor Ståle på mobil: 48234201. Vi fyller kyrkja med lys og nokre ønskesalmar, hjartet med håp og dagen med glede! Syng med i stova di! Kollekt via Vipps nr 77615 til Nytt kyrkjebygg i Ulstein.

Andre påskedag, 13. april

Frå kl. 14.00: Påskesong frå kyrja
(Reprise frå 1. påskedag på Facebook)

Kl. 16.00 - 18.00
Opa kyrkje

Om du er ute og går ein tur forbi Ulstein kyrkje, gå gjerne inn for ei stille stund eller for å tenne eit lys. Kyrkje er opa, og vi følgjer til eikvar tid FHI’s og kommuneoverlegen sine påbod og retningslinjer.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"