Møt vår vikarprest Rolf

Vi bringer her ei lita helsing frå Rolf Schanke Eikum, som du vil få møte via streaming av nokre gudstenester og andakter frå Ulstein kyrkje framover. Du vil og kunne treffe han for ein prat på telefon (sjå nederst i artikkelen).

Møt vår vikarprest Rolf

Mitt namn er Rolf Schanke Eikum og eg har blitt spurt om å vikariere som prest i Ulstein og Hareid fram til sommaren medan kapellanen har permisjon.

Lite visste eg om coronapandemien når eg sa ja til denne tenesta. Det vert rart og nesten uverkeleg å vere prest utan å ha den nære og gode kontakten med menneske i kyrkjerommet og i dei ulike situasjonane ein kjem opp i som prest. Ei omstilling som eg må prøve å gjere det beste ut av.

Litt om meg
Eg vart pensjonist til nyttår og har m.a vore 26 år som prost i Nordfjord med bustad på Nordfjordeid. Eg kallar meg likefullt volding då eg hadde mi ungdomstid i Volda. Men vart etter kvart gift med ei Ørstajente. Og når vi skulle etablere oss med sikte på pensjonisttida, vart det kona som drog det lengste strået.... I Ørsta har eg både svigerforeldre som er over 90 år og ei gift dotter med 3 barn. Det var og staden der far var sokneprest den siste tida av hans teneste. Så vi har mange kjente frå tidlegare tider.

I Ulstein og Hareid veit eg om nokre av dei som er på min alder og som gjekk på gymnas samtundes i tillegg til dei som var aktive i KFUM-arbeidet i slutten av 60-åra og byrjinga på 70-talet. Mange var vi frå Søre Sunnmøre som også reiste på påskeleir til Liabygda  og Stordalen på den tida. Sjølv var eg med både i speidaren, KFUM-klubben og skulelaget Vårvon. Men mest tid brukte eg i KFUM-kameratane,Volda og volleyball. Også i Ulsteinvik og Hareid fekk ein i gang KFUM-kameratar på den tida. Eg har alltid vore interessert i idrett, særleg volleyball og fotball. Var fotballtrenar for aldersbestemte lag til eg var ca 50 år. Prøver framleis å halde meg i god form, no i form av jogging i terrenget. Elles har eg stor glede av song og musikk og var med i Eid mannskor i vel 20 år. Har sagt at eg vert med i Ørsta kyrkjekor, men når eg no skal starte opp, så er det blitt pause i korøvingane grunna corona-pandemien.

Korleis sjåast og snakkast framover
Prestetenesta blir spesiell når vi ikkje kan møtast fysisk. men vi kan møtast på telefon eller andre digitale medier som Skype, Facetime på telefon o.l. Og eg vil ha nokre andaktar som blir sende og lagt ut på YouTube og Ulstein kyrkje si Facebookside. Følg med når desse vert annonsert under saka "Ulstein kyrkje på nett" her på heimesia. 

Utfordringane er mange og ulike for oss i desse dagane. Eg står til disposisjon for å lytte og samtale med deg som ynskjer kontakt med ein representant for kyrkja.

Mitt telefonnr er 97505015 og eg kan nåast både i mi trefftid førstkomande mandag mellom kl. 14-16 og elles om det skulle vere noko som hasta.

Motto for Ulstein sokn er ikkje minst viktig desse dagane: SAMAN på ferda. Og sjølv har eg hatt som motto dei siste åra: Med Gud og godt humør!

Vi treng begge deler!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"