Karantenepåske

Mange med meg har vore eller er i karantene. Karantene er eit av dei mest brukte orda i media for tida. Å vere i karantene vil seie at vi skal vere adskilt frå direkte fysisk kontakt med andre. For den som har vore, eller kan ha vore, i kontakt med nokon som har det smittsomme Covit 19, skal vere avsondra frå andre. Dette grunna omsyn til fellesskapet.

Bildet er tatt av Surut Wattanamaetee (Pixabay)

Kva tyder ordet "karantene"?

Mange med meg har vore eller er i karantene. Karantene  er eit av dei mest brukte orda i media for tida. Å vere i karantene vil seie at vi skal vere adskilt frå direkte fysisk kontakt med andre. For den som har vore, eller kan ha vore, i kontakt med nokon som har det smittsomme Covit 19, skal vere avsondra frå andre. Dette grunna omsyn til fellesskapet. 

Heile kyrkja er i karantene. For kva betyr eigentleg ordet "karantene"? Det kjem av det franske  tallordet "quarante" som betyr førti. Den opprinnelege tydinga viser tilbake på den førtidagarsperioden vi er inne i no, kyrkja si fastetid. Fastetida som starta askeonsdag og som varer i 40 dagar fram til påskeaftan. (Søndagane er ikkje fastedagar!) Slik Jesus var førti dagar i karantene i ørkenen. Karantenetid er fastetid. Vi må avholde oss frå noko, forsake noko, for å hindre at noko vondt skal skje eller for å oppnå noko til felles beste. 

Kva tyder ordet "påske"?

Ordet påske har også eit underleg opphav. Vi går rundt i desse dagar og seier, på to meters avstand: "God forbigang"! Gjev det meining? Ordet "påske" kjem frå hebraisk "pesach" og tyder "forbigang". Jfr. engelsk for påske = "passover". Palmesøndag sin lesetekst frå 2. Mosebok 12.21-28 fortel om bakgrunnen for  ordet "påske". Moses, som prøver å frigjere israelsfolket frå Farao i Egypt, pålegg israelsfolket at dei skal slakte eit lytelaust påskelam. Noko av blodet skal dei stryke på dørkarmane og bjelken over døra. Då Gud gjennomførte den tiande plaga, der alt førstefødde skulle late livet, så skulle israelsfolket halde seg inne i huset. Og der han såg blodet på bjelken og dørstolpane "skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk" (v.23).

Døyparen Johannes peika på Jesus og sa: "Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!" Når Jesus på Palmesøndag frivillig rir inn i Jerusalem og blir møtt med "hosianne", som betyr: "frels no", så veit han at han snart skal lide og døy ein stadfortredande død som Guds lam. Når han blir hylla som ein konge og frigjerar, så veit han at han er ein annaleis konge som skal frigjere folket ved å gje livet sitt til løysepenge for mange.

Påske tyder forbigang. Straffa "gjekk  hus forbi" og råka istaden eit uskuldig lam, Guds lam. Vi forstår ikkje at det var nødvendig. Det er ikkje fornuften sin logikk.  Men truleg kjærleiken sin logikk?  Ein så stor kjærleik at ein er villig å gå frivillig i døden for å redde, frelse andre. Og der er vi inkluderte.

Ei annleis påske. 

Denne påska blir ei annleis påske. Mange av oss som feira "hyttepåske" eller "sydenpåske" eller "kyrkjepåske" får ikkje gjere dette denne påska. Dette vert eit sakn då vi har fått ei kollektiv karantene som vi vil praktisere til vårt og fellesskapet sitt beste.

Men i denne "karantenepåska" kan vi kanskje stoppe opp å late den stille veke og påskedagane få tale til oss ved at

påska ikkje blir høgtida som "går oss hus forbi". At vi i staden nyttar den stille veka til å ta oss tid til stilla, til å finne dagens tekstar og betraktningar. Oppleve at vi kan feire påske i eit digitalt  kristent "fellesskap" ved å  vere med på lokale og nasjonale sendingar. Og sjå meir av djupna i påskedramaet; Kva Gud i sin store kjærleik har gjort til vår frelse! 

Då kan vi ynskje kvarandre, i ordets rette forstand:

God Påske!

 

Helsing
Rolf Schanke Eikum

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"