Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Dåpsskulen for dei som er født i 2014. Januar-februar 2020

2020 blir eit spennande år for deg som skal byrje på skule! Om du har lyst, kan du allereie i januar vere med på eit av dei mest populære trusopplæringstilboda våre, nemlig Dåpsskulen i Ulstein kyrkje. Her kan du bli kjent med andre som skal byrje på skulen til hausten.

I januar vert det eit informasjonsmøte for foreldre. Påmeldinga til dåpsskulen er imidlertid opna - og desember desember går fort, så om de veit at barnet skal vere med, meld det på+ allereie no. Elles så er det mogleg å melde seg på heilt fram til/på infomøtet.

PÅMELDINGSSKJEMA nederst på denne sida. 

Viktige datoar for dåpsskulen i 2020

Onsdag 15. januar kl. 20.00 - Infomøte for føresette

Søndag 19. januar kl. 11.00 - Oppstartsgudsteneste. Utdeling av 6-årsboka

Onsdag 22. januar kl. 17.30 -1. samling. Tema: Kyrkja

Onsdag 29. januar kl. 17.30 - 2. samling. Tema: Sakkeus

Onsdag 5. febuar kl. 17.30 - 3. samling med kveldsmat.  Tema: Bartimeus

Onsdag 12. febuar kl. 17.30 - 4. samling.  Tema: Påskevandring

Medan borna er med på dette inviterer vi  dei vaksne som har lyst, til ein "liten“dåpsskule” for vaksne,
på galleriromet i kyrkja. 

Onsdag 26. febuar kl. 17.30 - 5. samling. Tema: Jesus stiller stormen

Søndag 1. mars kl. 11.00  - Avslutningsgudsteneste og avslutningsfest på Fredheim.

Det er fint om ein vaksen er med på barnet på samlingane. Om ikkje mor eller far kan, kan de til dømes spørje ein forelder, fadder tante eller bestefar, kan vere med.

Påmelding på nettsida til Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no

Påmelding: Vi har plass til mange så meld dykk på!!

Dåpsskulen er eit tilbod i kyrkja for barn som fyller 6 år i 2020.  Ulstein sokn har ein trusopplæringsplan frå dåp til 18 år. Ved å følgje denne, vonar vi at barnet dykkar får ei god innføring i den trua dei er døypte til.  Sidan 2003 har iallefall halvparten av 6 åringane vore med på dåpsskulen!  Barnet får best utbyte av å vere med på alt, men dagane er travle og om det ikkje skulle passe ein dag så sender de berre melding til Ingrid eller Bjørn.

Tryggleik. Vi i Ulstein kyrkje ønsker å lage gode arrangement der borna føler seg sett og er trygge. Det krevst politiattest ved tilsetting for dei som skal jobbe med barn og unge Ulstein  sokn. 

Eigenbetaling: Vi set pris på at dei som kan, betalar kr. 100. Dette går til bok og andre utgifter knytt til Dåpsskulen. Vipps til 80743.  Merk med “Dåpsskulen” og namn på deltakar. Eller kontant i konvolutt merka barnets namn.

Kontakt oss gjerne om de lurer på noko eller om det er noko de tenkjer det er greitt at me veit om. Når vi veit, kan vi legge til rette for barnet ditt, så opplevinga blir god. 

Velkomen til 5 onsdags samlingar og 2 kjekke samlingar! Om det er noko de lurar på så er det berre å ta kontakt med Bjørn Losvik eller Ingrid Madli Sæter. Medarbeidarane på Dåpsskulen blir dette året Bjørn Losvik, vår nye kyrkjelydspedagog Ingrid Madli Sæter og Ståle Helvig.

 

Bjørn Losvik; tlf. 90580051                                          bl669@kyrkja.no 

Ingrid Madli Sæter; tlf. 47401349                                 im678@kyrkja.no

Ulstein kyrkjekontor; tlf. 70017680                               post.ulstein@kyrkja.no

 

PÅMELDINGSSKJEMA


Tillating til å sende informasjon om trusopplæring og andre tilbod som passer for barnet ditt til din epost adresse.
Bruk av bilde til bruk i Ulstein sokn sitt informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg
tillating
Fint om de kan bidra med kr. 100 til kostnadene med bok, matrial og mat. VIPPS 80743

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"