Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Skapt!

På våren er alle 1. klassingar velkomne til å bli med å sette poteter! Vi vil gjerne invitere deg til Skapt, ei spennande utandørs samling, rett etter skuletid med leik, potetsetting, matlaging på bålpanne med meir. Gjennom ulike aktivitetar, skal vi lære om Gud og alt det fine han har skapt. Skapt er den første av to samlingar, den blir i veke 21 og 22. Den andre, "Nytt Liv", er til hausten i veke 39 eller 40, og du får eigen invitasjon til denne etter sommarferien. Då skal vi blant anna hauste potetene. Søndag 4. oktober blir det Hausttakkefest for alle i kyrkja og leik og frukt/grønsaker etterpå. Vi gler oss til å sjå deg! Helsing Bjørn Losvik, Ranveig Kaldhol, Ståle Helvig, May Britt og Ingrid Sæter i Ulstein sokn. Invitasjon er sendt med brev i posten, og påmelding er her på heimesida.

KVAR OG NÅR?

Vi har fått låne nokre hagar/jorde i nærleiken av skulane til å sette poteter, lage mat og leike og lære. Vi skal vere ute uansett vêr, så borna treng uteklede/regnklede tilpassa aktivitetane og vêr.

Haddal: Måndag 18. mai i hagen til Jorulf og Britt Opsahl Myrene, Haddalvegen 51. Vi henter barna på skulen kl. 12.50. Foreldra henter borna der vi er frå kl 16.00.

Ulsteinvik kl 1a: Tysdag 19. mai i hagen til Margit Lovise Holte og Ole Martin Grevstad,            Kyrkjebakken 1. Vi henter barna på skulen kl. 13.00. Foreldra henter borna der vi er frå kl 16.00.

Ulsteinvik kl 1b: Onsdag 20. mai i hagen til Margit Lovise Holte og Ole Martin Grevstad,            Kyrkjebakken 1. Vi henter barna på skulen kl. 12.15. Foreldra henter borna der vi er frå kl 15.00.

Ulstein: Måndag 25. mai . Vi hentar barna på skulen kl. 13.00. Foreldra henter borna der vi er frå kl 16.00.

Hasund: Tysdag 26. mai i hagen til Kersti Hasund, Sundgotvegen 70.  Vi henter barna på skulen kl. 13.20. Foreldra henter borna der vi er frå kl 16.00.

Ulsteinvik kl 1c: Onsdag 27. mai i hagen til Margit Lovise Holte og Ole Martin Grevstad,            Kyrkjebakken 1. Vi henter barna på skulen kl. 12.15. Foreldra henter borna der vi er frå kl 15.00.

Vi henter barna på skulen rett etter siste skuletime og går saman dit vi skal vere.

De foreldre hentar barna der vi held til på angitt tidspunkt. Dersom barna skal gå heim åleine, må det hakast av for dette på påmeldingsskjemaet.   

NB! Hugs å melde frå til skulefritidsordninga om at vi skal hente borna på skulen, slik at dei får lov til å bli med oss.

Til hausten i veke 39 og 40, skal alle få bli med å ta opp potetene, og sjå resultatet! Då samlast vi og til hausttakkefest i kyrkja! Og kyrkjekaffi med aktivitet i parken. ( søndag 4. oktober )

Påmelding til SKAPT, trusopplæring for 7 åringane i Ulstein sokn

 
 
 
 
 
 
 
Kan vi bruke denne e-postadressa til å sende info om andre tilbod i trusopplæringa
 
 
 
 
 
 
Vi treng å ta samlinga klassevis. Kvar skule(klasse) går du i?
 
 
 
 
 
 
Ulstein sokn kan bruke bilete til informasjonsarbeid der barnet mitt er godt synleg, utan namn?
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Kontaktinformasjon for Ulstein sokn

Besøksadresse:

Kyrkjekontoret

Sjøgata 61

6065 Ulsteinvik

Ope: Kvardagar kl 09-15

Postadresse:

Ulstein Sokn

Postboks 143

6067 Ulsteinvik

Ansvarleg redaktør: Christfried Kaul

Telefon: 70 01 76 80

Epost: post.ulstein@kyrkja.no

Organisasjonsnummer: 976997093

Bankkonto:
Ulstein sokn: 3991.09.68045
Ulstein nye kyrkje: 8647.12.18997

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"