Alver-ordfører Sara Hamre Sekkingstad samtalar med spesialprest Torbjørn Sæle om å vera ein god hyrde når Knarvik og Meland kyrkjelyd inviterer til digital kveldsgudsteneste søndag 26. april kl. 19.30.
Siste søndag i månaden er det normalt kveldsgudsteneste i Knarvik kyrkje og framover vil også Meland kyrkje har kveldsgudsteneste ein gong i månaden. I første omgang blir det no ei felles digital kveldsgudsteneste som vert lagt ut på kyrkja.no/alver og på Facebook og Youtube søndag kl. 19.30.
Torbjørn Sæle er liturg og intervjuar ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Håkon Økland Kinsarvik held preika. Anne Marit Fosse Dahle og Ruben Sæle leiar song og musikk. Kristine Rykkje Hopland er medliturg og Solveig Westermoen les bibeltekstane.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.