Vigsel og bryllaup

Meland kyrkje er ei flott kyrkje for bryllaup. Ekteskap er den gode ramma for kjærleik og familieliv som Gud har gjeve oss. I ritualet for vigsel står det: "Gud har skapt oss til å leva i samfunn med han og med kvarandre. Han har ordna det såleis at mann og kvinne skal vera eitt, og han har stadfest denne sameininga med si velsigning. Ekteskapet er Guds gode gåve. Å leva saman som mann og kvinne er å leva i tillit og kjærleik, dela gleder og sorger og trufast stå attmed kvarandre livet ut."

Ønskjer du å gifte deg, må du først ta kontakt og høyre om det er ledig på den datoen de ønskjer vigsel. Du kan sende oss ein mail, så tar vi kontakt med deg, eller du kan ringe oss, sjå kontaktinfo om kyrkjelyden. Tidlegast 4 månader på førehand må de sende inn Skjema om prøving av ekteskap, erklæring frå forlovar og evt. søknad om namneskifte til folkeregisteret. Godkjenninga frå folkeregisteret gjeld for 4 månader.

Papira bør ikkje sendast seinare enn 4 veker før vigsla, grunna saksbehandlingstida. Ver merksam på at dei som ikkje er busett i soknet etter gjeldande reglar, må rekne med å betale for vigselen. Ta kontakt om nærare opplysningar. Folkeregisteret sine skjema for søknad frå ektefolk, erklæring frå forlovar og søknad om namneskifte finn du ved å fylgje lenkja nederst på sida. Spørsmål om utfylling av skjema kan du rette til folkeregisteret (skattekontoret).