Konfirmasjonstida i Meland kyrkje

Ei viktig tid - eit viktig val

Konfirmasjonstida i Meland kyrkje

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje få nye venner! Saman skal vi utforske ulike tema og spørsmål. I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Det er ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.

Kva er konfirmasjon?
Ordet konfirmasjon kan tyde både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønnshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar einskild konfirmant. I konfirmanttida kan ein bli betre kjend med den kristne trua, og lære litt om korleis ein lever som kristen.

Undervisning
Vi har undervisningsgrupper rett etter skuletid, både på Frekhaug og på Rossland. Konfirmantane deltek òg på gudstenester, fasteaksjon og konfirmantfestival. I tillegg er konfirmantane med på leir eller i gudstenestelag.

Pris                                                                                                                                    Konfirmantavgifta for 2026 er 1300 kr. Avgifta inkluderer konfirmantfestival, aktivitetar og samlingar. Betaling for konfirmantleiren kjem i tillegg. Ta kontakt med oss om de treng søskenmoderasjon, eller har andre spørsmål om betaling eller anna.

Konfirmasjonsdagar 2025                                                                                                                          I 2025 vert det konfirmasjonsgudstenester laurdag 13.09, søndag 14.09 og laurdag 20.09.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"