I løpet av veka er det fleire konsertar med ulike artistar, og ei miniforestilling der Lukasevangeliet vert fortald. Lesinga vert sparka i gang på onsdag, då mellom anna teatersjef Agnete Haaland og ordførar Astrid Byrknes er med. På søndag vert det festgudsteneste kl. 11.00 der ein fullfører bibellesinga.
Dette skjer i Knarvik, men fleire frå Meland kyrkjelyd deltek aktivt i programmet. Om du er i Knarvik, eller har tid til overs ein dag vil vi oppmode deg om å stikke innom nabokyrkja vår.