Rundtom i Meland er det hengt opp quizark slik at de kan finne ein nærast mogleg der de bur. Det de må gjere er å gå ut, finne quizen, svare på oppgåvene i ein mail til diakon Ruben (kontaktinfo under) og legge ut bilder på Instagram med #melandkyrkje. Alle som sender inn svar innan langfredag kl 12.00 blir med i trekninga av ein premie. Trekninga skjer på Løvegjengfilm som kjem her på nettsida vår første påskedag.
Under ser du bilete av alle quizane. (Viss du trykker heilt inn på bildet, står namnet på plassen) Finn den som er nærast deg, ta med mobil og resten av familien og bli med!
Dette blir ein fin familieaktivitet i påskeferien!
PS: Hugs å halde avstand og vente på tur om det er nokon der når de kjem;)