Søndag 1. mai blir det "misjonsfokus" på Møteplassen kl. 16.30. Kom og ta ettermiddagskaffien (te eller saft) saman med andre kjekke menneske, samtidig som du får litt spenning i basaren og viktig informasjon om misjonsprosjektet vårt i Nepal
Samlinga har tidsramme 16.30-18.00. Vi samlast til ein kaffe/te/saft-prat om misjon og våre prosjekt for HimalPartner i Nepal. Det blir eit barnevennleg opplegg med bl.a. sang, basar og andakt ved Helge Hitland.
Vi har tidenes gevinst, ei kaffimaskin! I tillegg blir det mange andre gevinstar (ikkje alle er så glad i kaffei.) og nokon spesielt for barna, klart!
Ta med cash! - og ver velkommen med barn/barnebarn, bestefar/mor, onklar og tanter og andre!
Meland kyrkjelyd v/misjonsutvalet
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.