Tirsdag 15. mars gjekk bøssebærarane rundt i Meland for å samle inn pengar til Kirkens nødhjelp si Fasteaksjon! Alle konfirmantane våre deltok, i tillegg til fleire frivillige. Det vart samla inn 40 480kr i kontantar. Gåver på sms og direkte til konto kjem i tillegg.
Dessverre var det ikkje nok bøssebærarar til å kome innom alle husstandar i kommunen, men om du ikkje fekk gitt er det framleis høve til å gi.
Du kan støtte aksjonen direkte ved å:
- Nytte kontonummer 1594 22 87493
- Sende ein sms <GAVE> til 2426 (200 kroner)
Viss du vil vera med til neste år, eller har spørsmål i samband med Fasteaksjonen, ta kontakt med ungdomsarbeidar Ruben Sæle. Du kan lese meir ved å følgje lenkja under.