Årets aksjon starta med gudsteneste i kyrkja, før konfirmantar og andre frivillige gjekk ut til sine roder for å samle inn pengar. Konfirmantforeldre bidro med transport av bøssebærarane. Både tilsette og frivillige medarbeidarar tok imot bøssebærarane når dei kom tilbake. Tusen takk til alle saman!
Melandfolket har gitt kr. 68 846,- til aksjonen vår i år, og det er vi svært takksame for! Det er meir enn vi har fått dei siste to åra, då vi fekk kr. 66 098,- (2017) og kr. 56 385,- (2018).
Vil du lese meir om aksjonen og kva pengane går til kan du finne informasjon her: fasteaksjonen.no
Kom ikkje bøssebærarane til deg?
Dessverre var det ikkje mange nok bøssebærarar til å dekkje alle stader i kommunen, men du kan framleis gje ei gåve til Kirkens nødhjelp. Vipps eit beløp til 2426 eller sjå fasteaksjonen.no for annan betalingsinformasjon.