Søndag 5. februar kl. 11 er det klart for ei ny fellesgudsteneste i Knarvik kyrkje i regi av Lederforum Nordhordland. Geir Øy og Cecilie Grøttveit leiar familiegudstenesta. Tale ved Stefan Salmonsson. Ingelin Reigstad Norheim med team leiar songen og musikken og barnekoret Tusenfryd syng. Soknepresten i Meland, er ein av dei medverkande i gudstenesta. Takkoffer til rusomsorgsarbeid på Nappane og Landsvik. Kyrkjekaffi etter gudstenesta. Det er fint om du kan ta med litt til kaffien og/eller ei kanne med kaffi eller te, det blir kyrkjekaffi som korgafest.
Einskapsfest
Lederforum i Nordhordland inviterer til einskapsfest i Knarvik kyrkje søndag 5.februar kl. 11.00. Meland kyrkjelyd sluttar opp om denne gudstenesta.