«Moderne slaveri» er eit samleomgrep for situasjoner der menneske:
- blir utsette for grov utnytting og tvang
- blir kontrollerte gjennom maktmisbruk,
manipulasjon, trugsmål, vald og krenkingar
Dette er eit problem i heile verda, også i Noreg. Det kjem til oss på to måtar:
- gjennom menneske som lever under slike forhold i Noreg, ofte innan landbruk, bygg- og anlegg, reinhald, restaurant- og servicenæringar eller i prostitusjon.
- gjennom varer vi kjøper som har blitt produsert av menneske som lever under slike forhold
Som kyrkje har vi eit ansvar for å tale dei svake sin sak, og gjere det vi kan for å kjempe imot undertrykking og urett. Så her kjem ein liten oversikt over kva du kan gjere. Under artikkelen finn du lenkjer til Global uke der du kan lese meir om fenomenet, og ressursar du kan bruke i familien, i husgruppa eller i venegjengen.
Kva kan vi gjere?
- Be! Til dømes kan du be fellesbøna som du finn på side 15 i fakta- og handlingsheftet under
- Lær! Les fakta- og handlingsheftet under, eller finn meir info på globaluke.no
- Handle! Gå gjennom handlingsrettleiaren på side 12-13 i fakta- og handlingsheftet under og vel ein konkret ting du vil gjere.
Eller gå gjennom samtaleheftet under i lag med husgruppa, familien eller ein venegjeng.
Delta på den alternative kveldsgudstenestefeiringa som du finn her.