Vi har invitert dei som har mist nokon av sine næraste, men gudstenesta er for alle. Mange synest det er godt å koma til kyrkja til ei slik minnegudsteneste. På denne gudstenesta vil vi lesa opp namna på dei avlidne sidan sist Helgemesse og tenne lys for dei.
Denne gongen vert det sundag ettermiddag kl. 18.00. Prest Torbjørn Aamli leiar gudstenesta. Det vert nattverd og det vert høve til å gje ei jubileumsgåve til kyrkja ved utgangen.
Dette er ei gudsteneste der vi på ein særleg måte kan koma med sorg og sakn til vår himmelske Far. Ver velkommen!