Mange i Meland kyrkjelyd har hatt, eller har, ei tilknytning til SKrUL. Mange gjekk sjølv på SKrUL i tenåra, nokre har kanskje vore med i styret eller som leiar, nokre har kanskje ungdom som går der no, og nokre har barn og unge i hus som om nokre år er i målgruppa for SKrUL. Styret i SKrUL er ein fin gjeng som har eit stort engasjement for at SKrUL skal vere eit godt og trygt tilbod for ungdom på laurdagskveldane. Men dei ønsker at fleire får vite om dei og at fleire vaksne engasjerer seg i det dei gjer.
SKrUL er eit samarbeid mellom Frekhaug Indremisjon, Norkirken Nordhordland og Meland kyrkjelyd. Det er viktig at vi som høyrer til i Meland kyrkjelyd (og andre samanhenger) kjenner til SKrUL og kva som skjer der. Difor inviterer voksenkontaktane i SKrUL (Stine Karin Sæle frå Meland kyrkjelyd og Paula Kristine Gillesdal frå Frekhaug Indremisjon), saman med styret, til ei uforpliktande og inspirerande samling.
Håpar å sjå deg der! Og inviter gjerne andre til samlinga!
Sjå bilde/dokument for invitasjon.