Caro Canto vart stifta i 2005 av 10 songarar og musikarar som alle er tilsett ved Sächsishe Staatoper Dresden, populært kalla Semper Oper etter arkitekten av operahuset. Semper operaen er ein av dei mest kjende og velrenomerte operahus i Europa.
I tillegg til fullt engasjement ved Semperoperaen, held Caro Canto konsertar over heile Tyskland med klassisk kyrkjemusikk og annan vokalmusikk. Nokre av korverka er 10-stemt, noko som gjev ein fyldig og vakker klang som ein sjeldan høyrer.
På denne Noregsturneen framfører dei tysk og skandinavisk musikk som vi er overtydd om vil begeistra tilhøyrarane. Førre konsertreise til Noreg i 2012 vart ein suksess og samla mange tilhøyrarar som fekk ei uforgløymeleg musikkoppleving. Difor lat ikkje dette høve gå deg forbi og vær hjarteleg velkomen til konsert i Meland kyrkje den 21 august.