Arbeidsoppgåver:
- Leie arbeidet med gjennomføring av ein heilskapleg trusopplæringsplan for kyrkjelyden med vekt på 0-18 år. Konfirmantarbeidet vil vere ein stor del av dette.
- Ansvar for undervisningsrelatert arbeid etter nærare avtale og i samsvar med planen. Babysang kvar veke kan bli ein del av arbeidet.
- Rekruttering, utrusting og oppfølging av ulønna medarbeidarar i trusopplæringsarbeidet.
- Medansvar for (barn/familie- eller undervisningsretta) gudstenester.
- Ta initiativ til å skape gode relasjonar til anna barne-og ungdomsarbeid i soknet
- Kontakt mellom kyrkje og skule/barnehage
- Informasjonsarbeid
- Mogleg ansvar for arbeid knytt til misjon og bønn.
Heile utlysingsteksten, med krav til kvalifikasjonar, informasjon om kyrkjelyden med meir finn du i vedlegget.
Søknad med CV og referansar kan sendast på epost til post@melandkyrkja.no innan 6.januar 2017.
Meir informasjon kan du få ved å kontakte kyrkjeverja.