Viss grava til din pårørande forfell i år, kjem det snart ut brev om fornying og faktura. Festeavgifta stig år for år og er no blitt 450 kroner pr år både for kistegraver og urnegraver. Då er samtidig satsane blitt dei same i kommunane Lindås, Radøy og Meland som blir under same gravferdsadministrasjon frå 2020.
Kommunestyret vedtok 6.mars 2019, etter framlegg frå soknerådet, nye festeavgifter frå januar 2019:
Kommunestyret vedtar nye festegifter for 2019 slik:
1. Feste av kistegrav: Kr 450,-
2. Feste av urnegrav: Kr 450,-
3. Feste av grav eldre enn 60 år: Kr 900,-
4. Reservasjon/festeavgift 20 år for ledig grav i dobbelgrav: Kr 9 000,-
For informasjon om kyrkjegardsdrifta, vedtekter med meir, trykk på fana "Gravferd".
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.