Halve bladet er felles sider, medan utsida og resten av bladet er lokale. Dette er eit prøveprosjekt for to år, og ein satsar frisk med profesjonell redaktør og ny grafikar. Fellesredaktøren heiter Johanna Hundvin Almelid, som er journalist i Dagen. Grafikaren heiter Lisa Landvik. I Meland har det kome nye frivillige folk i redaksjonen: Maria Sæle og Steinar Dale Wessman. Det første nummeret inneheld intervju med Bjørg og Idar Simonsen, kakeoppskrift til påske, ein for mange velkjent "benkeslitar" og mykje anna fint stoff i tillegg til det som alltid fins i kyrkjeblada. Gled deg!
I Meland har vi også bytta distributør av bladet, og vi håpar det går fint. Skulle du ikkje ha fått bladet innan påske, ta kontakt med kyrkjekontoret, så vi får melde tilbake til distributøren - som er svært innstilt på at alle skal få det til sin postkasse.
Ta gjerne kontakt med Anne Sofie om du har andre tilbakemeldingar om bladet!