5 personar kan vere inne i kyrkjerommet samstundes. Inngang i hovuddøra og utgang framme. For at så mange som mogleg skal få ei stille stund til ettertanke og lystenning, får kvar inntil 20 minutt. Det blir meditasjonsmusikk på orgel ved Arvid Sakseide. Moglegheit for samtale med sokneprest Bjørn Tore Sæle frå 19.30-20.30 i dåpssakristiet. Det blir også stasjonar til bøn og ettertanke utandørs.
Det vert sett fram Anti-bac ved inngang og utgang. Av smitteomsyn kan kvar låne NT og salmebok ved inngang og legge det frå seg ved utgang (så det berre vert brukt ein gong).
Velkomen!