Gudsteneste for små og store på Palmesundag, der vi føljer Jesus med Hosianna-rop og palmegreinar ridande på eit esel inn i Jerusalem.
Kveldsgudstenesta på Skjærtorsdag kveld, då vi minnest at Jesus innstifta nattverden, og vaska føtene på læresveinane under avskilsmåltidet. Etter gudstenesta har vi eit lite måltid saman. Så blir lysa sløkte. Alt blir teke bort frå altaret, og vi førebur temaet for Langfredagsgudstenesta:
På Langfredag er det pasjonsgudsteneste, ei enkel gudsteneste med song og skriftlesing, og ein kort tale. Då følgjer vi Jesus på lidingsvegen, frå bønekampen i Getsemanehagen, via Judas sitt svik, Peter si fornekting, arrest og forhør, og så Via Dolorosa, den tunge vegen opp til Golgatahøgda, for å bli krossfest. Midt i dette mørkret, finst ei strime av lys: Han gjorde det for oss!
Og denne strima av lys er det som brått skin sterkare og sterkare : Han som ikkje ein gong døden kunne halde fast står opp! Den store gleda faldar seg ut i lovsong og glede under høgtidsgudstenesta på påskedag: Deg være ære, Herre over dødens makt! Der syng vi nokre av dei fantastiske påskesongane våre. (NB: Hugs berre å stille klokka ein time mot sommaren natt til søndag, så du ikkje kjem for seint.)
Kom og ver med du og, på så mange gudstenester som mogleg. Lev deg inn i påskedramaet enno ein gong, og la denne strofa synge i deg: «Jesus vann, og eg har vunne!»
Mvh Torbjørn Aamli, sokneprest
Informasjon om gudstenestene - alle i Meland kyrkje:
Palmesøndag 20. mars kl. 11.00: Familiegudsteneste. Moe. Dåp. Nattverd. Film for borna. Takkoffer til misjonsprosjektet ved HimalPartner. Kyrkjekaffi.
Skjærtorsdag 24.mars kl. 19.30: Kveldsgudsteneste. Moe. Nattverd. Takkoffer til Misjonsalliansen. Kveldsmat etter gudstenesta.
Langfredag 25.mars kl. 11.00: Langfredagsgudsteneste. Aamli.
1.påskedag 26.mars kl 11.00: Høgtidsgudsteneste. Aamli og Sæle. Nattverd. Håvard Olsen, saksofon. Takkoffer til misjonsprosjektet v. Himalpartner.