Begge gudstenestene blir med nattverd.
Liturg: Bjørn Tore Sæle
Organist: Trond Fykse
Pga. restriksjonane er det lov med maksimalt 50 stk. på kvar gudsteneste (i tillegg til medarbeidarar).
Hjelp oss i planlegginga ved å klikke på lenken under. Der kan du anonymt gje melding om når du vil kome, kor mange personar de er i følgjet, og om du ønsker registrering i kyrkja via SMS eller liste.
KYRKJEKAFFI: Ta gjerne med litt kaffi og eit krus, så kan vi få ein koseleg prat utanfor (ved løvebrakka) etter gudstenesta. Kyrkja stiller med litt kaffi og nokre eingongskrus i reserve.