Stien opp dit er ikkje av dei mest trafikkerte. Kanskje har heller ikkje så mange visst om denne turvegen. Men no er løypa skilta. Frivillige frå kyrkjelyden har hamra ned staurar og bora fast skilt, slik at vegen skal vera lett å finna. Skiltprosjektet i Meland går stadig framover.
Skiltinga startar allereie attmed Melandkyrkja. Deretter går ferda eit lite stykke langs grusveg inn mot Bjørnestad. Så går turen langs sti, og først gjennom eit par grinder. Den som har auga for slikt, vil leggja merke til bekken som renn sjølvtrygg fram under ei flott steinbru. Vidare går stien gjennom lauvskogen før du endar opp Moldekleivskaret, i ei tett klynge av granskog.
Vegkrysset
Moldekleivskaret – ein stad få har høyrt om - er blitt eit viktig turkryss. Herifrå går den eine stien tilbake til Melandkyrkja, den andre opp til Krossfjellet og den tredje ned til Moldekleiv. Den fjerde går altså oppover gjennom granskogen til dei to nipene bak Melandkyrkja. Skiltinga peikar retninga vidare frå Moldekleivskaret. Heldigvis har nokon knytt små plastremser langs løypa, slik at ein ikkje går seg vill når stien nesten forsvinn på den nåledekte skogbotnen.
Etter kvart kjem ein opp over granplantinga. Kulturminna langs vegen er kanskje smålåtne, men dei hintar til ting større enn seg sjølve: Den vesle hølen i myra minner om torvtakinga som ein gong gav brensle og varme til dei små husa i bygdene her ute. Den tette granskogen nedover liene er det nokon som har planta. Ein og annan av pensjonistane på gardane rundt dette høgdedraget kan fortelja om den gongen dei som små var med på denne plantinga.
Utsyn frå Melandsnipo
På toppen har det no kome opp eit skilt som fortel at du er på "Nordnipa". Det manglar eit skilt som peikar bort til toppen like bortanfor: Sørnipo, eller Melandsnipo, har det flottaste utsynet - mot Melandkyrkja, Dale og over Salhusfjorden mot Åsane-sida og Bergen. Unn deg avstikkaren bort til Sørnipo når du først er der oppe. Så kan ein sjølvsagt snu etterpå og gå ned att same vegen. Eller ein kan gå ned til Melandskaret, gjera det til ein rundtur og gå siste biten langs asfaltert veg tilbake til kyrkja på Meland.